Skip to content Skip to footer

Styremedlem

Marita Jarstad

Marita Jarstad er Leder Subsea og Prosjekt i Saga Fjordbase. Kort fortalt er dette ei avdeling som bistår fartøy på Fjord Base med alle behov som måtte oppstå, samt utfører prosjektleiing og koordinering. I jobben er det stort fokus på logistikk, god samhandling og trafikkflyt. Dette er element som er særs viktige for å lukkast i det grøne skiftet.

Tidlegare har Marita jobba som prosjekt ingeniør hos TechnipFMC og har over 10 års erfaring innen subsea, olje og gass. Sidan ho kom tilbake til Florø og starta i stillinga hjå Saga Fjordbase har Marita leia prosjektet HyFuel, ei stor satsing som skal produsere grønt hydrogen.

Marita er utdanna energiingeniør frå Høgskolen på Vestlandet.
Marita er ingeniør på alle måter, og i følgje ho sjølv tilnærma ho seg sjølv alle arbeidsoppgåver som ein ingeniør. Ho beskriv seg sjølv som strukturert, effektivt og to-the-point. Ho likar ikkje å sløse vekk tid. «Meiningslause møter er det verste eg veit», poengterer Marita.

For Marita, så vel som sin arbeidsgjevar, står utvikling av tilsette høgt på agenda. Ho er tydeleg på at kvar enkelt person skal få utvikle seg og sine eigenskapar og kunnskapar. Stillingstittelen er ikkje noko Marita sjølv er opptatt av, men trur heller at ein må bistå der det trengs, ein har kunnskap og kapasitet. Ho er vant med å ha fleire hattar og trivast godt med å ha fleire jern i ilden samtidig.
Saga Fjordbase er hovud logistikkoperatør på basen og er ein framoverlent logistikk tilbydar. Dei investerer og prioriterer det å utvikle nye og effektive metodar for samhandling, samt å redusere utslepp i verdikjeda.

Marita si erfaring frå å jobbe med nye grøne satsingsområde går som hand i hanske med Aksello sitt arbeid for berekraftig næringsutvikling og nyskaping.
«Ved å sitte i styret til Aksello vil eg kunne bruke mi erfaring innan olje, gass og hydrogen og tilføre ein ny vinkling, samt å kunne bidra til å utvikle nye og spennande selskap», seier Marita.
«Når eg fekk moglegheita til å bli med i styret til Aksello blei eg umiddelbart positiv, her ser eg moglegheit til å vidareutvikle både meg sjølv, og ikkje minst det å kunne gje støtte og veiledning til viktige og nyskapande bygge og utvikle det som skjer både lokalt og regionalt»

Aksello er glad for å få så engasjerte og dyktige ressursar som Marita i styret og gler oss til Marita sine innspel, sin struktur og erfaring i vårt strategiske arbeid framover.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet