Skip to content Skip to footer

Nestleiar

Katrine Dale

Katrine Dale er økonomisjef hos Westcon Yards med lang fartstid.
De siste 10 årene har Katrine hatt ansvar for økonomiavdelinga på verftet i Florø. Westcon Yards er eit selskap som har vore, og er i kontinuerleg endring og omstilling. I perioden Katrine har jobba der har verftet hatt to ulike eigarar, skiftande marknadsforutsetningar som har gitt behov for både opp og nedskaleringar av organisasjonen, dei har satsa innanfor fleire nye forretningsområde og gjennomført store systemendringar og investeringar i bygg og anlegg.

Katrine er utdanna siviløkonom/MBA frå Norges Handelshøyskole og Bocconi i Milano. Ho har også ein master i revisjon frå NHH og er statsautorisert revisor.

Tidlegare har Katrine jobba 8 år innan revisjon og rådgiving i Deloitte, den erfaringa har gjett Katrine god fagleg ballast samt innsikt i mange ulike bransjar og kva utfordringar mellomstore bedrifter/konsern kan stå ovanfor. «Som revisor får man også utvida erfaring med analyse, intern kontroll og prosesskartlegging», opplyser Katrine.

Westcon Yards er eit av Norges største verft og har som mål å være den leiande totalleverandøren av tenester innan forretningsområda skipsreparasjon, nybygg og ombygging, riggreparasjon og subsea/fabrikasjon.
«Vi har spesialisert vedlikehalds- og reparasjonspersonell og tilbyr kundar prosjektstyring, tekniske tenester, planlegging, oppfølging og dokumentasjon av høg kvalitet», seier Katrine med stoltheit, og legg til «Overordna målsetning er også å vidareutvikle den norske industrien med nytenkande, lønnsame og berekraftige løysningar innan maritim næring».

For Katrine er det viktig å kunne bidra til at Aksello lykkast med å levere gode tenester til næringslivet, samt det å hjelpe fleire gründerar og nye selskap på beina, og dermed sikre og skape spennande arbeidsplassar i vår region. Vi spurte Katrine kvifor ho ville sitte i styret til Aksello, då svara ho «Det å auke attraktivitet og bulyst, det kjem oss alle til gode både i næringslivet og privat. Det er også spennande å få være del av styret i eit selskap som i hovudsak jobbar med vekst og utviklingsarbeid, det gir litt ekstra perspektiv og motivasjon til å også tenke utviklingsrelatert i dagleg virke», avsluttar Katrine.

Aksello er glad for å ha Katrine i styret, ho er engasjert, dyktige og ein viktig ressursar for at Aksello skal lykkast med vårt arbeidet framover.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet