Skip to content Skip to footer

Flora U40 koordinator

Alexandria Følsvik

Hovudvirke

Prosjektkoordinator for FloraU40. FloraU40 er eit nettverk for dei som bur/jobbar/studerar og er under 40 år i Florø og omland. Nettverket har som mål å fremme trivsel og bulyst, hindre utanforskap og sørge for tilbakeflytting og nytilflytting til området. Dette gjer FloraU40 gjennom å arrangere sosiale arenaer der målgruppa kan treffe kjende og ukjende og danne nye relasjonar. Vi arrangerer sosiale og faglege arrangement som dannar denne arenaen. 

Om

Eg held på med ein master i innovasjon og ledelse på HVL i Bergen, og har stor interesse for innovasjon og utvikling. Sidan eg sjølv ikkje er i frå Florø, så veit eg korleis det er å vere ny ein stad og ikkje kjenne nokon. Derfor er det viktig for meg å ha rolla som prosjektkoordinator i FloraU40, der eg kan vere med på å skape betre bulyst for dei som treng det i målgruppa. 

Kva får du ut av å jobbe med Aksello?

Arbeidet er givande, det gir meg nye og spanande utfordringar. Prosjektet er eit viktig tiltak som bidrar til samfunnsutvikling og dermed næringsutvikling. Trivsel både på arbeidsplassen og utanfor arbeidsplassen går hand i hand, og det kjennest godt å få bidra i noko som fleire verdset. 

Kva får Aksello ut av å jobbe med deg?

Eg brenner for utvikling og for å framheve alt det fine Florø og omland har å by på. Som person er eg energisk og har mykje omsorg og glede for menneska rundt meg, og eg er veldig glad i å bli kjend med nye. Dette er viktige eigenskapar for å drive eit slikt prosjekt som FloraU40. Eg synast det er veldig spanande å finne ut av det og lære på vegen, både av prosjektet og av menneska eg jobbar med. Dette trur eg Aksello verdset! 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet