Er du nysgjerrig på kva karrieremoglegheiter som finnast i Florø?
Aksello inviterer studentar og arbeidssøkjande, potensielle heimflyttarar og tilflyttarar, og sjølvsagt det lokale næringslivet, til rekrutteringstreff og nettverking, fredag 07.juli kl. 16:30 til 17:30.
Årets sommartreff blir i alleen mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Naustdal dampbakeri. Bistro To Kokkar er med på laget og du kjem til å lukte den gode maten til Terje og Øystein på lang vegs avstand når du nærmar deg området. Så anbefaler å følgje godlukta!
Det vil bli servert wok frå bistroen til alle deltakarar heilt kostnadsfritt!
Så om du er nett ferdig på jobb eller på veg til Våt Moro anbefaler vi å ta turen innom og sjekke ut kva for moglegheit som er i regionen vår.
Ta runden rundt med bedriftene så sikrar vi at du forlet arrangementet god og mett.
Påmelding HER, slik vi kan planlegg iht mat.
Stad: alleen mellom Sparebanken Sogn og Fjordane og Naustdal dampbakeri.
Tidspunkt: 7. juli, kl 16:30 til 17:30