Grønn Hub Fjord Base
Grøn region Vestland identifiserte Fjord Base som ein av dei 16 grøne hubane i Vestland som ein skal utvikle. Fjord Base skal utvikle ein god plan for utvikling av huben slik den skal bli ein verdsleiande grøn hub gjennom industriell symbiose.
I samarbeid med Aksello som er næringsutviklingselskapet i regionen, Sivapartner og strategisk partnar med Vestland Fylkeskommune, skal no Fjord Base styrke industriell symbiose i grøne hubar.
Prosjekteigar for Grøn Hub Fjord Base er Fjord Base AS, Aksello er Prosjektleiar, der Frode Nybø skal leie prosjektet.
I rapporten Grøn Region Vestlandsporteføljen heiter det: «I de strategiske grønne hubene finner vi størst potensiale for industriell symbiose på tvers av verdikjeder.» Fjord Base har allereie etablert eller under planlegging viktige komponentar i industriell symbiose: Landbasert oppdrett, grøn hydrogenproduksjon, ammoniakk, biogass, havvind. Men ynskjer fleire, samt meir systematisk utnytting av sirkulærøkonomiske synergiar.
Totalen av prosjekt planlagde på Fjord Base dei neste fem åra tilsvarar grovt estimert ein investeringskostnad på 12 mrd NOK og forventning om meir enn 200 nye arbeidsplassar. Viktig å etablere hub’en på en god måte, sikre forankring og ein god plan, difor eit forprosjekt.
Målet med Grøn Hub Fjord Base er at Fjord Base skal utviklast til å bli ein av 16 verdsleiande grøne hub’ar gjennom industriell symbiose. Dette vil sikre verdiskaping og sysselsetting både i etablerte og nye verksemder, der industriell symbiose er ein metodikk for å redusere kostnadar og utslepp.
HER kan du lese meir om “kva er eigentleg Fjord Base Grøn Hub”.
Prosjektet er forankra i: