Kurs og program
For å styrke kompetanse og fagleg utvikling tilbyr Aksello ei rekkje kurs og program. Kursa våre er skreddarsydde for å møte næringslivets behov, og deltakarane får praktisk kunnskap og verktøy som kan bidra til berekraftig utvikling og auka konkurransekraft i regionen. Gjennom kursa våre bidreg vi til eit meir kunnskapsrikt og robust næringsliv.
Grøn Vekst
Grøn Vekst er vekstprogrammet til Aksello for bedrifter som ønskjer å bli meir berekraftige og konkurransedyktige i ein grønnare økonomi. Programmet fokuserer på korleis bærekraft som konkurransefortrinn er avgjerande for å møte aukande krav frå både offentlege og private aktørar, og få tilgang til grønn kapital.
Styrekurs med Anita Krohn
Anita Krohn kjem til Florø 10.-11. mai 2025 og held kurset Styrearbeid i praksis. Bli med på 2 dagar med påfyll, nye relasjonar og ny kunnskap. Dette er moglegheita til å definera kvalifikasjonane dine og bli sett.