Silje Sunde er nett starta som Leder Prosjekt Konsern i Nor Tekstil. Dette er ei nyoppretta stilling som Silje skal forme og lage si eiga med fokus på å gjennomføre prosjekter på konsern nivå, samt utarbeide metodikk for prosjektgjennomføring i Nor Tekstil.
Silje kjem til Nor Tekstil frå stillinga som Direktør for Forretningstøtte hos Sparebanken Sogn og Fjordane. Tidlegare har ho jobba som konsulent for selskap som Capgemini og Accenture. Silje er utdanna Sivilingeniør frå NTNU innan kommunikasjonsteknologi.
Noko av det som trakk Silje mot ein heilt anna bransje er motivasjonen ved gründerar og verdiskaping i privat næringsliv. Ho er særs fasinert over gründeren bak Nor Tekstil og seier: «Ester Belsvik la grunnlag for det som i dag er Nor Tekstil, ho er ein av dei mest betydningsfulle gründerane vi har i vår region og er ein verkeleg god rollemodell i næringslivet».
Nor tekstil satsar på innovasjon og utvikling, og er ein viktig samarbeidspartnar også for gründere og bedrifter i Aksello sitt inkubatorprogram. Her er det samarbeid om fleire innovasjonsprosjekter, der forsking og utvikling innan banebrytane vaskeriteknologi ligg sentralt.
Når moglegheita til å bli med i Aksello sitt styre kom, var det ingen tvil for Silje. «Når vi ser på det som Aksello allereie har fått til og kor mykje arbeidet til Aksello har hatt av betydning for utvikling av vår region, i tillegg inkubator program og utviklingspotensiale det programmet bidreg med? Ja, då var det lett å sei ja og bli med», smiler Silje.
«Det at eg får vere eit medlem i Styret til Aksello er veldig kjekt. Eg ser mange synergiar rundt visjonen til Aksello, korleis skape og sikre arbeidsplassar. Eg er opptatt av næringsutvikling i vår region og då er jobben Aksello gjer noko av grunnlaget og drivkrafta for den utviklinga», avsluttar Sunde.
Om seg sjølv seier Silje at ho er ein strukturert person med sterk gjennomføringskraft, stor kapasitet og brennande engasjement.
Dette er verkeleg eigenskapar vi gler oss til å dra nytte av i Aksello sitt styrearbeid. Aksello setter pris på å få eit styremedlem som Silje.