Sokalla «forretningsenglar» er privatinvestorar som investerer kapital i tidlegfaseselskap («start-ups»), og som i tillegg ofte bidreg med sin kompetanse og sitt nettverk. Mange «englar» har gjerne starta, utvikla, leia og eventuelt solgt selskap sjølve, og har ofte eit samfunnsengasjement og eit ynskje om å bruke seg sjølv meir på tidlegfasearenaen. Samstundes er det ei rekkje store internasjonale undersøkingar som viser at ein ved å bygge ei diversifisert portefølje av tidlegfaseinvesteringar, kan oppnå god avkastning.

I bl.a. Bergensregionen (sjå www.banbergen.no) har det vore etablert eit slikt nettverk sidan 2015, som per mai 2019 tel omlag 50 medlemmer, og som har investert meir enn 50 millionar kroner i meir enn 25 selskap. Eit av selskapa i porteføljen er nyleg blitt solgt vidare til industriell aktør, med hyggeleg gevinst for engleinvestorane (salsverdi 400%, dvs. 3x investert beløp i brutto avkastning).

Vi ser no på grunnlaget for etablering av eit forretningsenglenettverk i Sogn og Fjordane, og vi vil i løpet av dei neste vekene kontakte potensielle deltakarar.

Om du ynskjer å høyre meir om dette, ta kontakt (frode@aksello.no / 406 34 010).