Skip to content Skip to footer

Vellykka gjennomføring av etablerarkurs for innvandrarar

GRÜNDERTANKAR: I alt 12 deltakarar var med på etablerarkurset. Blant dei Sam Holst (t.v) som ynskjer å starte si eiga tolketeneste og Khalouf Almoadal som drøymer om å starte eige kaffibrenneri i Florø.
Foto: STEINAR LOTE / NRK

 

Pilotprosjektet for etablerarkurs for innvandrarar vart fullført denne månaden. Prosjektet er eit samarbeid mellom KF Innvandrarsenteret og Aksello som ynskjer at introduksjonsprogrammet til innvandrarar i Flora kommune skal innehalde eit grunnleggande etablerarprogram for deltakarar som har kompetanse og forretningsidé til å starte eiga verksemd.  

 

– Vi vil vise fleire måtar å komme inn i arbeidslivet. Mange innvandrarar har kompetanse, utdanning og arbeid frå heimlanda sine som dei burde få bruke i Norge, seier rådgjevar ved Innvandrarsenteret, Silje Jansen Nybø.

Når ein kjem til eit nytt land er det mykje å sette seg inn i, og eit av måla til prosjektet er å gjere deltakarane i stand til å ta i bruk tilboda som allereie finst for alle som ynskjer å starte som gründerar. I tillegg til å sette seg inn i lovar og reglar for oppstart av eiga bedrift i Norge, får deltakarane også innføring i forretningskultur,ulike støtteordningar, samt teoretisk og praktisk rettleiing i forretningsmodellering og forretningsplan.

Positive tilbakemeldingar

  På sikt håpar vi at dei vil bli med vidare i det ordinære etablerartilbodet for gründerar som Aksello og andre tilbyr, slik at dei kan skape seg sin eigen arbeidsplass. Innvandrarar, kvinner og ungdom er underrepresenterte i gründerstatistikken, og det er viktig å stimulerere desse gruppene for at vi skal sjå ei positiv endring, fortel Heidi Felle, prosjektleiar og rådgjevar frå Aksello.

Pilotprosjektet har vore mogleg å gjennomføre med tilskot frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, og skal no opp til evaluering i begynnelsen av 2018. 

Etablerarkurs innvandrarar Aksello Innvandrarsenteret
GODE TILBAKEMELDINGAR: (f.v.) Silje Jansen Nybø, Allan Madsen og Heidi Felle har fått mange positive tilbakemeldingar frå deltakarne på etablerarkurset. FOTO: STEINAR LOTE / NRK

– Pilotprosjektet har vore  vellykka og vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane, så vi håpar å kunne vidareføre prosjektet, fortel Heidi Felle, prosjektleiar og rådgjevar i Aksello.

– Viktig for mange

Kurshaldar, Allan Madsen, har også høyrt mange positive tilbakemeldingar frå deltakarane og han trur fleire vil kunne realisere ideane sine.

– Mange av ideane går fint an å få realisert. Eg trur det er fleire som kjem til å få det til dersom dei satsar på ideén sin, seier Madsen.

– Kurset har vore viktig for mange. Det er mykje byråkrati i Norge. Det hadde vore vanskeleg å finne ut av alt på eiga hand, fortel Khalouf Almoadal til NRK.

Han er ein av deltakarane på kurset og drøymer om å starte sitt eige kaffibrenneri i Florø.

 

I denne reportasja frå NRK kan du høyre meir om planane hans:

– Draumen er å starte kaffibrenneri i Florø

 

Vil du delta på etablerarkurs for innvandrarar?

KF Flora Innvandrarsenter opplev stor interesse frå fleire som vil vere med på kurset. Om etablerarkurset blir vidareført, vil vi vurdere å opne opp for større grupper. Er du interessert i å delta? Ta kontakt med Silje Jansen Nybø på 913 50 424 eller siljejansen.nybo@flora.kommune.no.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet