Velkommen til Frukostmøte torsdag 1. oktober

Aksello inviterer til Frukostmøte torsdag 1. oktober. Denne gongen får vi mellom anna høyre om den ferske forsvarsrapporten, bli betre kjende med Kapasio og få siste nytt frå Florø Hamn. Meld deg på og bli med på ein lærerik og sosial start på dagen!

Samlinga vert i våre lokale på Byx Cowork i Florø, i allrommet i tredje etasje.

Bli med på Frukostmøte – møtet er ope for alle og gratis. Vi startar med frukost kl. 07.35 for dei som ønskjer det, før det vert interessante presentasjonar frå kl. 08.00 til 09.00.

Agenda:

  • Velkommen v/ Aksello
  • Trond Strømgren: Florø og Forsvaret – frå maritime ressursar til strategisk kapasitet
  • Daniel Klakegg Dvergsdal og Jorunn Skrede Klakegg: Kapasio
  • Linda Mortensen Midtbø: Florø Hamn
  • Jon Even Kvalheim Myre: Beredskapsrådgjevar i Kinn kommune
  • Nytt og nyttig v/ Aksello
  • Ordet fritt

Vi gler oss til å sjå deg der, for fagleg påfyll, mingling og nettverksbygging. Det er fint om du melder deg på, slik at vi veit kor mange som ønskjer frukost.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet