Aksello inviterer, saman med Nytta og Kunnskapsparken Vestland, til frukostmøte på Samvirket i Dale onsdag 4. juni. Denne gongen tek vi møteplassen ut av Florø og samlar lokale aktørar, gründerar og støtteapparat til ein god start på dagen.
Du får fagleg påfyll, høve til erfaringsdeling og nettverksbygging over frukost. Temaet spenner frå lokal næringsutvikling og grøne løysingar til korleis kunstig intelligens kan brukast i praksis i små verksemder.
Program:
- Aksello – Orientering
- Kunnskapsparken Vestland – Orientering
- FAMA – Ordning for miljøfyrtårnsertifisering
- Elisabeth Kjerstad Bøe – Fjord Impact Lab
- Arne Fismen – Kunstig intelligens for små bedrifter
Frukost vert servert frå kl. 07.30, og presentasjonane startar kl. 07.50. Det vert god tid til mingling og samtalar med andre deltakarar.
Frukostmøtet vert halde på Samvirket i Dale, onsdag 4. juni 2026.
Vi gler oss til å sjå deg der og til ein inspirerande start på dagen!

