Skip to content Skip to footer

Unge potensielle entreprenørar og investorar

Elevar frå entreprenørklassen på Hafstad vidaregåande skule var også tilstades på Kapitaldagen.

aksello-hafstadvgs-kapitaldagen
Lektor Solrun Underdal Nistad

Lektor Solrun Underdal Nistad er ivrig å ta med seg elevane på slike arrangement som er relevant i faget deira. Underdal har sjølv ein masterutdanning innan entreprenørskap frå NTNU, og fortel at mykje har endra seg sidan ho tok denne utdanninga. Derfor er det viktig for ho å ta med seg elevane ut i miljøa slik at dei får oppleve korleis det er.

aksello-kapitaldagen-hafstadvgs
f.v Marlena Sophia Revera og Mathea Victoria Nigardsøy

«Denne klassa fordjupar seg i nettverksbygging og korleis vidareføre og utvikle ei bedrift» fortel Underdal. I tillegg til entreprenørskap har dei eit programfag som heiter bedriftsutvikling. Der jobbar dei mykje med idéutvikling og kreativitet, prosjekt og marknadsføring av bedrift, legg ho til. 

Vi har prata med nokon av elevane, og her er det mykje engasjement. Mathea Victoria Nigardsøy (17) og Marlena Sophia Revera (17) synast det er interessant å lære om korleis starte bedrift og korleis dei fungerar. Vi spør om dei har tenkt på å starte eigen bedrift nokon gong. Begge ser på kvarandre og smiler: «Eg har tenkt litt på det, men er framleis litt usikker» svarar Nigardsøy.

Lenger inn i gangen møter vi ein stor og livlig gutegjeng.

Kvifor er de med på Kapitaldagen? spør vi. Nokon er i tenkeboksen og andre er meir målretta. «Det er interessant og sjå på kva det går i å vere gründer» svarar Theodor Fureli (17). «Eg ønsker å vidareføre familiebedrifta» seier Amund Laukeland (17). «I dag ser eg også på investeringsmoglegheiter på Kapitaldagen» avsluttar han. 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet