Aksello styrkjer innovasjonsmiljøet i regionen ytterlegare når to nye selskap blir tekne opp i inkubatorprogrammet. Opptaket tilfører ny teknologi og nye løysingar innan både maritim digitalisering og sirkulær energiteknologi. Dette skaper verdifulle synergiar og kompetansedeling for heile nettverket av inkubatorbedrifter.
Aksello sitt overordna mål er å utvikle og støtte opp om vekst, bedriftsetableringar og framtidsretta næringsliv, med innovasjon og digitalisering som viktige drivkrefter. Dei to nye opptaka er gode døme på teknologiselskap som vil vere med å byggje eit endå sterkare og meir framtidsretta teknologimiljø i regionen.
Aksello sin inkubator er ein døråpnar for vekst
Inkubatorprogrammet er til for alle som ynskjer å realisere nye idear eller vidareutvikle bedrifta si. Her får deltakarane tilgang til rådgjeving og sparring, kontorfasilitetar og eit aktivt gründer- og utviklingsmiljø. I tillegg tilbyr Aksello kurs, workshopar, hjelp med finansiering og kapitalstrategi og tilgang til eit sterkt regionalt og nasjonalt nettverk.
Aksello har i dag rundt 20 selskap i inkubatoren og har tidlegare bidrege i oppstartsreisene til mellom anna Bue Salmon, Evoy, Retrams og Dimeq.
Eraz AS utviklar digital plattform for dokumentasjon i skipsnæringa
Gründerar: Arlen Solheim, Erlend Hatleberg og Rita Ørnehaug. Eraz AS er ei knoppskyting frå Arez AS, som har vore del av inkubatoren sidan 2024. Med Eraz tek gründerane vidare arbeidet med å utvikle digitale løysingar retta mot den maritime næringa.
Kort om selskapet:
Eraz utviklar ein samhandlingsplattform/prosjektverktøy/driftssystem – alt i eit – som skal sikre god og effektiv dokumentasjonsflyt gjennom heile levetida til eit skip, frå byggeperioden ved verftet, gjennom driftsfasen og fram til skipet blir teke ut av drift.
Målet er å gjere byggeprosessen meir transparent mellom verft og reiarar, samtidig som ein sikrar betre oversikt over dokumentasjon knytt til bygging, drift, vedlikehald og materialbruk. Løysinga vil også leggje til rette for betre handtering av dokumentasjon i sluttfasen av levetida til skipet, slik at resirkulering, gjenbruk av materialar og korrekt avfallshandtering kan gjennomførast på ein meir effektiv måte.
Aksello vil bidra med rådgjeving knytt til vidareutvikling av forretningsidéen, marknadsavklaring, skaleringsstrategi og kapitalstrategi. Selskapet har som mål å først skalere i Noreg før vidare satsing mot Nord-Europa.
G-Nrgy Norway AS utviklar teknologi som omdannar plastavfall til energi
Gründer: Georg Karstein Irvine. I selskapet finn vi også økonomisjef David Leask og norsk forretningspartnar og rådgjevar Dag Myrestrand.
Kort om selskapet:
G-Nrgy Norway AS utviklar ein containerbasert teknologi for omdanning av blanda plastavfall til energi eller biofuel. Løysinga er retta mot lokal og desentralisert handsaming av plastavfall som er vanskeleg å resirkulere.
Teknologien kan vere spesielt relevant for kyst- og øysamfunn, eller område der transport av plastavfall til deponi eller større behandlingsanlegg medfører høge kostnader og store utslepp. Ved å handtere avfallet lokalt kan ein både redusere transportbehovet og skape ny energiverdi av ressursar som elles er vanskelege å utnytte.
Selskapet starta i pre-inkubasjon hos Aksello i august 2025. Vidare i inkubatoren vil Aksello bidra med vidare forretningsutvikling og nettverk for etablering i Noreg, med særleg fokus på mogleg etablering i Fjordane-regionen.
To nye selskap som løftar heile innovasjonsmiljøet
“Med to nye opptak i inkubatorprogrammet styrkjer vi innovasjonsmiljøet i regionen. Begge selskapa utviklar teknologi med stort potensial, og representerer spennande moglegheiter innan både maritim digitalisering og sirkulær ressursutnytting. I Aksello har vi kompetanse, verktøy og nettverk som kan bidra til å realisere ambisjonane deira, og vi ser fram til å arbeide vidare saman med selskapa om forretningsplanar og milepålar.”
Trond Økland, konstituert inkubatorleiar
Styrkjer økosystemet
Opptaket av Eraz og G-Nrgy Norway tilfører ny kompetanse, nye perspektiv og sterke gründerteam til det eksisterande miljøet. Erfaringsdeling og møteplassar mellom bedriftene gjer innovasjonsøkosystemet endå meir attraktivt og robust, noko som styrkjer heile regionen.
Vil du finne ut meir om Aksello og inkubatorprogrammet?
Aksello hjelper verksemder i alle fasar, enten du har ei ny idé, ønskjer vidare utvikling eller treng støtte i det daglege arbeidet. Inkubatorprogrammet er eitt av tilboda våre, men vi kan òg bidra gjennom andre rådgjevings- og utviklingstenester tilpassa behova dine.
Les meir om inkubatoren – TRYKK HER
For kontaktinformasjon – TRYKK HER

