Skip to content Skip to footer

To nye bedrifter inn i Aksello sin inkubator!

Aksello styrkjer innovasjonsmiljøet ytterlegare når to nye bedrifter blir tekne opp i inkubatorprogrammet. Opptaket opnar for tilførsel av ny teknologi og KI-kompetanse til regionen. Dette skaper verdifulle synergier og kompetansedeling for heile økosystemet av inkubatorbedrifter.

Aksello sitt overordna mål er å utvikle og støtte opp om vekst, bedriftsetableringar og framtidsretta næringsliv, med innovasjon og digitalisering som viktige drivkrefter. Dei to nye opptaka er gode døme på teknologibedrifter som vil vere med og byggje eit endå sterkare og meir levande teknologimiljø i regionen.

Aksello sin inkubator er ein døråpnar for vekst

Inkubatorprogrammet er til for alle som ønskjer å realisere nye idear eller vidareutvikle bedrifta si. Her får deltakarane tilgang til rådgjeving og sparring, kontorfasilitetar og eit aktivt gründer- og utviklingsmiljø. I tillegg tilbyr Aksello kurs, workshopar, hjelp med finansiering og kapitalstrategi og tilgang til eit sterkt regionalt og nasjonalt nettverk.

Aksello har i dag rundt 20 selskap i inkubatoren og har tidlegare bidrege i oppstartsreisene til mellom anna Bue Salmon, Evoy, Retrams og Dimeq.

DigiHome utviklar AI-basert plattform for utleigemarknaden

Gründer: Njål Eliasson. I inkubatoren samarbeider han med Mathias Haugsbø. DigiHome har òg eit kompetent team rundt seg.

Kort om selskapet:
DigiHome vil modernisere og digitalisere utleigemarknaden for leilegheiter. Selskapet utviklar ei plattform der kunstig intelligens effektiviserer dataflyt og dagleg drift for utleigarar og forvaltarar.

Aksello vil bidra med rådgjeving knytt til vidareutvikling av forretningsidéen, marknadsavklaring, kapitalstrategi og skalering. Selskapet blir no rigga for neste steg i vekstreisa.

Ytir skapar teknologi som førebyggjer belastningsskadar

Team:
Stein Asle Øvrebotn som leiar, Kristoffer Olaussen med ansvar for sal, Andrija Dojic som teknologiansvarleg og Tore Havn som styreleiar.

Kort om selskapet:
Ytir har tidlegare vore ein del av inkubatoren og kjem no inn igjen med eit nytt og utvida konsept. Selskapet utviklar ei løysing som gjev innsikt i belastningsprofilar, funksjonsevne og risiko for belastningsskadar. Gjennom grundig datainnsamling og god visualisering kan verksemder optimalisere arbeidsprosessar, førebyggje skadar og identifisere nye moglegheiter, også innan robotisering og energisparing.

Aksello vil bidra med rådgjeving innan konseptutvikling, marknadsavklaring, pilotering, rettar til immaterielle verdiar, forretningsmodell, teambygging og kapitalstrategi.

To nye selskap som løftar heile innovasjonsmiljøet

“Med to nye opptak i inkubatorprogrammet styrkjar vi innovasjonsmiljøet i regionen. Begge selskapa ser store moglegheiter i bruk av ny teknologi. I Aksello har vi verktøy og kompetanse tilgjengeleg for å støtte opp om gründerane sine ambisjonar. Vi ser fram til å jobbe vidare med selskapa sine forretningsplanar og milepålar.”

Trond Økland, Konstituert inkubatorleiar

Styrkjer økosystemet

Opptaket av DigiHome og Ytir tilfører ny kompetanse, nye perspektiv og sterke unge krefter til det eksisterande miljøet. Erfaringsdeling og møteplassar mellom bedriftene gjer innovasjonsøkosystemet endå meir attraktivt og robust, noko som styrkjer heile regionen.

Vil du utforske Aksello og inkubatorprogrammet?

Aksello hjelper verksemder i alle fasar, enten du har ei ny idé, ønskjer vidare utvikling eller treng støtte i det daglege arbeidet. Inkubatorprogrammet er eitt av tilboda våre, men vi kan òg bidra gjennom andre rådgjevings- og utviklingstenester tilpassa behova dine.

Les meir om inkubatoren – TRYKK HER

For kontaktinformasjon – TRYKK HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet