Aksello startar no arbeidet med Rekrutteringsprosjektet – eit 3-årig prosjekt som har til føremål å auke tal tilflyttarar til vår region. Som ein del av prosjektet skal behov og ynskjer hos både til- og fråflyttarar, og næringslivet definerast, og vi skal planlegge og til dels iverksette konkrete tiltak. Desse tiltaka skal ha positiv effekt på graden av rekruttering for både lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Det skal mellom anna produserast ein film der ein kan bli introdusert til det attraktive næringslivet vårt, som eit verkty for bedriftene i deira rekrutteringsarbeid. Det er og lagt fokus på å ivareta dei som allereie er tilflytta, ved å utarbeide  ei “startpakke” som skal gjere det enklare å finne seg til rette. Meir informasjon om tiltaka og framdrifta vil bli presentert hjå Aksello i tida framover.

“Det er viktig at vi ser på dei konkrete behova og ynskja til både tilflyttarar og næringsliv, slik at vi kan lage gode løysingar som adresserer desse rekrutteringsutfordringane direkte. Vi har og ein god dialog med Distriktssenteret, som bistår med nyttige data og erfaringar frå ei lang rekkje relevante og liknande prosjekt frå andre stader i landet” – Allan Madsen, prosjektleiar.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Aksello, Flora kommune, og prosjekteigar Flora Industri- og næringsforening. Prosjektleiar for rekrutteringsprosjektet er tidlegare rådgjevar i Aksello, Allan Madsen.

Er du nyleg tilflyttar, eller kanskje fråflyttar? Eller har di bedrift konkrete rekrutteringsbehov?
Då høyrer vi gjerne frå deg!

Kontaktinformasjon
Prosjektleiar Allan Madsen
allan@avent.no
mob: 47 28 30 01