Skip to content Skip to footer

Tek store steg i inkubatoren

SMART-SKAP: Safe Control Cabinet og prosjektleiar Stein-Asle Øvrebotn.

 

Vestnes Land er blant dei spennande inkubatorbedriftene våre som vi har gleda av å følge gjennom programmet vårt. Dei er ei veletablert bedrift i Florø som har eit godt renomme innan sitt felt som er produksjon av smarte oppbevaringsløysingar i stål. Då dei ville løfte eit av sine produkt inn i den digitale verda vart dei med i idélaben vår før dei gjekk vidare til inkubatoren vår. Der har dei gjort store framskritt. I tillegg til finansiell støtte frå inkubatoren, har dei mellom anna fått støtte frå Innovasjon Norge gjennom finansieringsordninga IFU (Industrielle forsknings- og utviklingskontrakter), både til forprosjekt og hovedprosjekt, PetroFlora og Skattefunn. Pilotkundane, Ahlsell og Shipadmin, er også i boks.

 

– Vi ser ein klar trappetrinns-effekt av å ta del i Aksello sitt miljø. Aksello er på ein måte verktøykassa vår, og med deira kompetanse og gjennom deira nettverk har vi fått med oss mange andre viktige verktøy som vi treng for å bygge vidare på produktet vårt, fortel prosjektleiar frå Vestnes Land Stein-Asle Øvrebotn.

 

Produktet som dei vidareutviklar er eit smart-skap som dei har kalla Safe Control Cabinet. Skapet er digitalisert med ein database som gir brukar full kontroll og oversikt over innhald, deler, utstyr og kjemikaliar, til ei kvar tid. Dette er med på å forebygge driftsstans og ulykker, og bidrar til store tidsinnsparingar av personell. Safe Control Cabinet er også tilpassa alle typar industri og lagringsbehov.

 

– Desse skapa er enkle, men likevel så unike at det er ingen andre som har dei, seier han med eit smil.

 

Han tilstår at det difor ikkje var så vanskeleg å få med seg gode pilotkundar på laget.  Hovedpilotkunden Ahlsell er ein fleirfagleg grossist innan VVS, VA, elektro, industri, kulde, olje & gass, samt verktøy og arbeidskle, og Shipadmin er både pilotkunde og leverandør av software. Dei har utvikla programvara til det smarte skapet og ein admin-portal som fungerer via ei skyteneste.

 

WORKSHOP: F.v. Kenneth Tryland og Tor Inge Jakobsen frå Ahlsell, Stian Færøy frå Shipadmin, ekstern rådgjevar frå Aksello Knut Eikeland og prosjektleiar Stein-Asle Øvrebotn frå Vestnes Land på workshop hos Aksello.

Fabelaktig prosjekt

Knut Eikeland, som er ein av Aksello sine rådgjevarar for prosjektet saman med Per Christian England, er positiv til det gode samarbeidet og trur skapet vil vekke stor interesse når det går live.

 

– Dette er eit fabelaktig prosjekt, og det at Vestnes Land har fått kopla på ein så stor aktør som Ahlsell er verkeleg godt gjort. Også på software-sida har Vestnes Land hatt gode partnarar. Her ser vi fruktene av eit lokalt samarbeidsmiljø med Procella og Sten Ingve Hellevang i Florø, og Shipadmin i Volda. Det er unikt å ha så flinke leverandørar lokalt. Den solide kompetansen her gjer til at dette kan bli ein stor suksess med eit betydeleg marknadspotensiale, understrekar han.

 

Planen er at skapet skal vere ferdig utvikla og klar for produksjon etter sommarferien. Dei har allereie starta marknadsarbeidet og har fokus på å få flest mogleg skap ut til forskjellige brukarmiljø lokalt i Florø.

 

– Allereie no ser vi at Safe Control Cabinet kan løftast vidare til nye høgder, og at dette vil vere med på å skape eit levande utviklingsarbeid i fleire år framover som gir arbeid til fleire både i og utanfor bedrifta, seier Øvrebotn.

 

Gi av deg sjølv

Teamet er allereie langt på veg, og han er ikkje i tvil om at dei store stega dei har tatt så langt skyldast den formidable støtta som dei har fått både frå dagleg leiar Odd Bjørnset og dyktige tilsette i Vestnes Land, gode samarbeidspartnarar og det breie nettverket til Aksello.

 

–  Støtta frå Inkubatoren, Innovasjon Norge, PetroFlora og Skattefunn har vore avgjerande for oss då det har gitt oss den økonomiske avlastinga som vi treng for å ta oss tid til å jobbe mot målet vårt. Å jobbe med nyskaping krev mange ressursar, både tid og pengar. Det støtteapparatet vi har fått gjennom Aksello har opna mange dører, men du må også gi av deg sjøv, då får du mykje tilbake, avsluttar han.  

 

Les også:

– Eg  møter ikkje lenger skeptikarar

Årets Sommartreff

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet