Skip to content Skip to footer

Dagleg leiar

Lone Bareksten

Lone Bareksten har jobba i Aksello sidan 2012. Tidlegare jobba ho som marknads- og salsdirektør i Vestnes Ocean AS. Lone starta si karriere innan bank og finans og jobba fleire år som finansrådgjevar i mellom anna Postbanken og Posten Norge. Gjennom å vere ein av fire personar i oppstartselskapet Kraftkompaniet Vest fekk Lone bli med på ei gründerreise innan kraftmarknaden tidleg på 2000-tallet. Deretter gjennom etablering og drift av Restauranten Vino i Florø i 2005 fekk Lone også god erfaring med gründer-rolla og det å starte eige selskap.  

Etter å ha jobba i Aksello som inkubatorleiar i eit og eit halvt år, tok Lone over som dagleg leiar for selskapet i desember 2013. 

Lone har si utdanning frå handelshøgskulen BI der ho studerte finansøkonomi og gjekk ut som sertifisert finanskonsulent i 2002. Vidare har Lone studert internasjonalisering via International Trade Management (ITM), og fulgt fleire av Innovasjon Norge sine program, mellom anna Entering China Program frå Beijing Normal University. Seinare har Lone tatt vidareutdanning innan administrasjon og ledelse i på handelshøgskulen BI.  
Også inkubasjonsledelse på NTNU og fleire leder utviklingsprogram har Lone studert parallelt med jobben i Aksello. 

Kvifor Aksello:

Det å heile vegen få jobbe saman med det mest framoverlente næringslivet i vår region, er eit privilegiet. Det er ein utruleg gjevande arbeidsdag å finne gode løysingar, virkemidlar og verktøy som kan hjelpe gode forretningsidear til å bli kommersielle verdiskapande bedrifter og arbeidsplassar. Etter mange år i Aksello har eg fått eit godt innblikk i korleis det offentlege som stat, fylkeskommune og kommune kan bidra til å utvikle og legge gode føringar for næringsutvikling. Det å kople desse to verda, og saman finne optimale gode løysingar er utruleg kjekt og kanskje det som gjer jobben i Aksello så motiverande. Og så er det så variert, frå å sitte i møter med nye spennande gründerar til å arrangere kjekke møteplassar og samstundes få knytte til oss masse interessante gode ressursar gjennom prosjekt, søknader og samarbeid. Og eg får leie, utvikle og drive eit selskap, noko som i seg sjølv er kjempeinteressant. Sist, men ikkje minst; det gjev meg utruleg mykje å få samarbeide med så interesserte eigarar, engasjerte styremedlem og knalldyktige medarbeidarar som har same visjon og mål! 

E-mail: lone@aksello.no
Phone: 47 26 26 35
Address: 123
Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet