Innlegg

Godt og variert program på dagens frukostsamling med fleire engasjerande presentasjonar der vi fekk bli betre kjend med høvesvis Saga Fjordbase og Innvandrarsenteret sine visjonar for framtida, Haptiq tok oss med inn i Mixed Reality si fascinerande verd, og Innovasjon Norge gav oss eit innblikk i kva prioriteringar dei har i 2019.

Sjå live-streaming frå frukostmøtet her

Saga Fjordbase: Baseoperatøren bur seg på nye oppdrag v/Erlend Toftesund

Erlend Toftesund, administrerande direktør ved Saga Fjordbase, heldt første innlegg. Han presenterte basen sitt plankart for framtida og korleis dei ser for seg næringsutvikling på basen.

Med over 550 tilsette og 60 ulike bedrifter jobbar dei saman med mange ulike aktørar for å skape nye moglegheiter på basen, mellom anna saman med Neptun, Equinor og Shell. På kartet peika han ut fleire spennande prosjekt innan hydrogen, biogass og havbruk, slik som Havlandet RAS-pilot på land, for å nemne nokre. Han var også innom unytta potensiale av marine lager.

– Vi er opptatt av å skape nye verdiar, gripe moglegheiter og leggje til rette for vekst saman med våre samarbeidspartnarar.

Slik ynskjer dei å halde fram med å lokke til seg fleire og store aktørar som PGS, noko dei lykkast med takke vere skreddarsydde løysingar. Ein viktig eigenskap som dei vil ta med seg vidare inn i den framtidige planlegginga.

Frukostsamling | Aksello
Saga Fjordbase v/Erlend Toftesund

Innvandrarsenteret i Florø: Kva gjer dei og kva betyr dei for lokalsamfunnet? v/Cecilie Udberg-Helle

Etter at asylmottaket vart lagt ned i fjor var det behov for å tenkje nytt om kva Innvandrarsenteret i Florø skulle vere i framtida, og på frukostmøte i dag var Cecilie Udberg-Helle til stades for å fortelje meir om det. Innvandrarsenteret har i dag 150 elevar og tre avdelingar, der asylmottaket er blitt erstatta av ei utvikling- og forskingsavdeling.

Senteret har gode skotsmål, 79% prosent av innvandrarane går ut i jobb eller vidare utdanning, og dei gjer det godt på integrering. Innvandrarsenteret har mentorstatus både nasjonalt og internasjonalt, og nyleg vart dei mentorkommune for São Paolo i Brasil.

Intensjonen til det framtidige Internasjonale Kinn Innvandrarsenter er å vere ein inspirator på integreringsfeltet. Dei vil byggje opp ein kunnskapsbasert integreringsplattform som går over fleire år, heller enn eit toårig introduksjonskurs, for å sikre at flest mogleg kjem seg ut i meiningsfylt arbeid. Her oppfordra Cecilie næringslivet om å komme på bana, og å ta i bruk dei ressursane som våre nye medborgarar kan tilby.

For integrering er ein tovegsprosess. Vi er heilt avhengige av lokalsamfunnet for å få dette til, avslutta ho og minna om Florøkonferansen 2019 10.-11. april.

Frukostsamling | Aksello

Haptiq AS: Spennande Florø-bedrift med sterk vekst v/Ståle Lund-Andersen

Neste på programmet var Haptiq, ei lokal bedrift som boltrar seg på verdsscena innan Mixed og Augmented reality. Dagleg leiar Ståle Lund-Andersen presenterte bedrifta, som hadde sin start her hos Aksello då han og Chester Laquian tok sats i fjor. Den gongen var dei tre, og i dag er dei totalt 17 tilsette med kontor i Florø,Oslo og Manila.

Ståle tok oss med på ei digital tidsreise frå den første nettsida sin spede start i 1990 til dagens teknologi der vi kan spele 3D spel på mobiltelefonen. Dette har opna opp nye jobbmoglegheiter ikkje berre innan gaming, men også ute i næringslivet der Haptiq står bak fleire imponerande prosjekt det siste året innan mange forskjellige bransjar.

– Vi vil ikkje snevre inn endå og går vidt ut for å finne dei bransjane det er mest guff i, understreka han.

Haptiq arbeider mellom anna med eit prosjekt for Sjukehusetaten der dei byggjer sjukeheim i Virtual Reality slik at sjukepleiarar kan teste ut utforminga av sin framtidige arbeidsplass. Slik kan ein gjere nødvendige endringar før bygging. Eit anna spennande prosjekt dei held på med er å «vekke opp» avdøde norske og historiske kjendisar og gi dei nytt liv i Oslo sine gater.

Det skal bli interessant å følgje med på kva Haptiq fyller arbeidsdagane sine med framover, og vi følgjer spent med.

Frukostsamling | Aksello
Haptiq v/Ståle Lund-Andersen

Innovasjon Norge: Prioriteringar i 2019 v/Kristine Kopperud Timberlid

Kristine Kopperud Timberlid frå Innovasjon Norge Vestland, avdeling Sogndal, avrunda dagens frukostmøte med å fortelje kva Innovasjon Norge tenkjer om 2019: nytt år og nye moglegheiter med friske midlar.

Dei har allereie snakka om å få fleire bein å stå på innan eksport, og vekst internasjonalt vil halde fram som ei viktig prioritering. Spesielt då med klimautfordringane i tankane, der eit grønt næringsliv med berekraftig vekst er i fokus. Det nye Vestland skal også vere havfylket, og skal vere best på banebrytande løysingar i havrommet. Her ligg Florø godt geografisk til, så det er mykje som skjer her på den fronten.

Frukostsamling | Aksello
Innovasjon Norge Vestland v/Kristine Kopperud Timberlid

Til slutt viste Kristine til Innovasjon Norge sitt arbeid med The Explorer, eit utstillingsvindauge for norske grøne løysingar og oppfordra grøne bedrifter om å registrere seg.

– Denne er mykje brukt internasjonalt, og her kan ein registrere grøne løysingar gratis og det er lågterskel.

Ordet Fritt

Kristin Svardal frå Maritim Forening Sogn og Fjordane informerte om to ulike arrangement på deira kalender:

Leverandørdag Equinor onsdag 13. mars der bedrifter kan møte sentrale personar I Equinor si leiing for informasjon og dialog. Meir info her.

Nettverkssamling i Førde 2. og 3. april. Her er det allereie 50 påmelde og nytt for denne gong er at Forum for grøn energi får ansvar for ein bolk i programmet (dag 2) med fokus på “berekraftig business”. Meir info her.

Neste frukostmøte er torsdag 4. april. Om du har forslag til tema eller bedrifter, ta gjerne kontakt med oss.