Innlegg

Frukostgjengen: Arne Olsen (Aksello), Peter Grinde Hollevik (Orenda), Hans Haddal (Bulandet Miljøfisk), Randi Solheimsnes (DNB) og Linda Hovland (Framtidsfylket). 

På siste Frukostsamlinga før jul fekk vi høyre frå ferske og erfarne gründerar, Orenda og Bulandet Miljøfisk, om Framtidsfylket si rekruttering av smarte hovud til Sogn og Fjordane, og finansieringsmoglegheiter hos DNB.

Orenda

Den nyaste bedrifta i Aksello sin stall var først ut og Peter Grinde Hollevik presenterte idéen Orenda med stor entusiasme. Plattformen han planlegg saman med tidlegare studiekamerat Adam Abu Ras skal gjere det enklare og billegare å reise på språk- og kunnskapsutveksling. I staden for å tilby dyre utvekslingspakkar vil dei byggje ein app der folk kan bruke ferdigheter, kunnskap og losji som valuta.

– Vi ynskjer at fleire skal ha moglegheiten til å reise på utveksling, ikkje berre dei rike, seier Peter engasjert.

– Orenda vil vere med å gi folk forståelse og interesse for andre kulturar, og bryte ned kulturelle barrierer.

Etter nokre månader i idélab hos oss er Orenda no inne i ein fase der dei skal teste ut om konseptet er klart for inkubator. Med støtte frå Kommunal Næringsfond har dei fått moglegheit til å tilsette ein teknisk ansvarleg (CTO) som skal utvikle appen. Marknadsavklaringa dei har utført viser ei stor global interesse for tilbodet, så det vert spennande å følgje denne unge bedrifta vidare.

Bulandet Miljøfisk

Peter fekk positivt respons på presentasjonen sin frå neste foredragshalder, styreleiar Hans Haddal frå Bulandet Miljøfisk.

– Denne måten å lære på er framtida, og Peter er mannen til å selje det, rosa han.

Bulandet Miljøfisk er som mange kjenner til med i inkubator hos Aksello og har presentert seg på frukostmøtet tidlegare. Denne gongen var Hans med for å fortelje om det siste som skjer og rører seg hos inkubatorbedrifta som skal takle miljø og – vekstutfordringane som oppdrettsnæringa står ovanfor. Dette skal dei gjere med eit landsbasert anlegg på Bulandet.

– Vi ser at her er fleire og fleire nye planer for landbaserte oppdrettsanlegg som er inspirert av Buland-modellen og vil byggje ned i grunnen for å gjere det meir energieffektivt. Dette er ein god indikasjon for oss som viser innovasjonshøgda i prosjektet vårt.

Hans tok også publikum med inn i den neste konkrete fasen til prosjektet: eit pilotanlegg som dei planlegg å byggje og setje i drift neste år.

Framtidsfylket

Linda Hovland presenterte Framtidsfylket og viste korleis dei arbeider for å skape vekst og verdiskaping gjennom å rekruttere kompetent arbeidskraft til fylket. Dette gjer dei mellom anna gjennom godt etablerte verktøy som karrieremessa, trainee-ordninga og nettportalen deira.

– Vi legg vekt på det som skil oss frå andre for å finne dei rette folka som vil komme å busette seg og jobbe i Sogn og Fjordane.

Då er det viktig å vise til alt det fantastiske som skjer i næringslivet og alle tilboda som finst på fritida poengterte ho, og på nettportalen deira synleggjer dei nettopp dette gjennom å dele gode historier. Samstundes publiserer dei også jevnlig artiklar om spennande ledige stillingar i fylket, og det har bidratt til ein kjempevekst i besøkjande på nettsida.

– Her er det også moglegheit for bedrifter å bli meir synlege ved å leggje inn ein bedriftsprofil og kople seg på vår CV-database, oppfordra Linda.

DNB – Vekstlån

Randi Solheimsnes frå DNB heldt innlegg om deira pilotprosjekt Vekstlån som er ein ny finansieringsmoglegheit for innovative bedrifter i vekst, fortrinnsvis innanfor teknologi. Meir info finn du her: https://www.dnb.no/vekst

– Om du går på “kven passer dette for” og kjenner deg igjen i beskrivinga, så er det berre å søkje, oppmuntra ho.

Dei fekk inn mange søknader allereie i første runde, og neste søknadsfrist er 20. januar 2019.

Ordet Fritt

Bjørn Lødemel, som gjekk inn i stillinga som ny dagleg leiar i Sogn og Fjordane Næringsråd 1. desember, presenterte seg under Ordet Fritt. Han ynskte å gjere forsamlinga merksam på at dei er operative og klare til å ta i mot utfordringar frå næringslivet.

Bjørn Hollevik la ei utfordring på bordet, og det er at næringsrådet bør arbeide for å hindre vidare kommarsialisering av flyplassen i Florø og kommersialisering av Bringeland i Førde.

Neste Frukostsamling skjer første torsdag i februar 2019. Vi gler oss til å sjåast igjen og vil takke alle som har bidratt til at Frukostsamlinga har blitt til den gode møteplassen og inspirasjonsarenaen som den er.

Det er i år som tidlegare år, duka for spennande karrieremesser i Trondheim og Bergen, 25. januar og 13. februar.  Aksello skal delta på begge messene både som representant for Flora Kommune og på gründertorget for å vise fram kva moglegheiter det er i Sogn og Fjordane for å starte eige selskap. Her får ein treffe spennande gründerar som deler sine erfaringar om det å vere gründer i Sogn og Fjordane.

Karrieremessene er ein god arena for å treffe potensielle arbeidstakarar.  I 2017 hadde karrieremessene over 1200 besøkande. Det er trygt å seie at dette er blitt ein populær møteplass både for næringslivet og potensielle tilflyttarar til Sogn og Fjordane.

Dersom di bedrift endå ikkje er påmeldt, oppfordrar vi deg til å bli med! Ta kontakt med Gro Rukan (gro@framtidsfylket.no) for påmelding snarast mogleg!