Aksello sine Frukostmøte har i mange år vore ein sentral møteplass for næringslivet og andre. Presentasjonar, diskusjonar og ikkje minst kaffiprat med nye og gamle partnarar har vore kjenneteikn. Corona-situasjonen har gjort fysiske møte vanskelegare for tida, og Aksello (som så mange andre) forsøker meir digitale løysingar. Korleis fungerer det?

Vi ønsker å lære og å forbetre oss, så vi spør pent om du kan bruke 3 minutt på å fylle ut vedlagte spørreskjema. Vi ønsker å høyre frå dei som har sett Frukostmøtet 15. mai eller det som kjem no den 4. juni, men også dei som har valt å ikkje sjå.

Svar gjerne med ein gong, men svarfrist er sett til 5. juni.

På førehand tusen takk for at du hjelp oss til å bli betre!