Tysdag 26. august vart det arrangert ein spanande næringspolitisk debatt i Florø, der alle førstekandidatane frå dei mest sentrale politiske partia i regionen deltok. Debatten synte både klare meiningar og ulike politiske standpunkt, og det er heilt tydeleg at veljarane har gode moglegheiter til å finne eit parti som løftar fram deira viktigaste saker.
Arrangementet var ope for alle, med særleg fokus på aktørar innan næringslivet, offentleg sektor og lokalpolitikken, samt andre som bryr seg om utviklinga på kysten. På førehand var det lagt opp til at tema som blant anna rammevilkår for næringslivet, kraftsituasjonen samt havbruk og fiskeri kunne bli sentrale i diskusjonen.
Programmet starta med velkomst og innleiing ved Kristin Bergstøl Hansen (SFN), Linn Nekkøy (Aksello) og Tor Førde (FIN), før kandidatane fekk ordet. Etterpå var det klart for debatt leia av Dag Frøyen, som losa panelet stødig gjennom kvelden.
Det var kjekt å bli betre kjent med kandidatane. Vi ser fram til eit spanande val, og til å følgje med på korleis dei ulike partia vil forme framtida for næringslivet og kysten.
Debatten var eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Næringsråd (SFN), Aksello og Florø Industri- og Næringsforening (FIN).

