Skip to content Skip to footer

Sikre langsiktig rekruttering og attraktivitet for næringsliv og tilflyttarar

Vi klar for, og vi treng fleire tilflyttarar til Kinn kommune.

Aksello har jobba med eit rekrutteringsprosjekt i eit halvanna år som no bærer frukter. Når vi begynte prosjektet trudde vi at resultatet av prosjektet og svaret på rekrutteringsutfordringa skulle bli å få laga ein marknadsføringsfilm for Florø. Vi starta arbeidet med å kartlegge behova til næringslivet, til våre tilflyttarar og våre utflyttarar. Resultata frå kartlegginga gjorde at vi i hausten 2019 endra prosjektet og frå januar 2020 valte vi å jobbe med utvikling av det som fekk arbeidsnamnet «startpakka». «Startpakka» eller plattforma som vi etter kvart har kalla den, skal innehalde all informasjon du som næringsliv har behov for å formidle ut i verda for å tiltrekke seg rett arbeidskraft. Samstundes skal den nå ut med rett informasjon til deg som tilflyttar frå ein heilt anna stad i verda, for at du skal velje akkurat Kinn kommune som din stad å etablere deg. Via denne sida skal all positiv informasjon frå og om området og tilboda her formidlast.

Ein annan ting som også endra seg i 2020 var at vi vart ein ny kommune, og merksemda på å synleggjere næringslivet og moglegheitene i heile kommunen vart viktig. I Kinn kommune har vi ekstra mykje som gjer at vi kan lukkast med den modellen og plattforma vi til slutt har landa på. Vi har to fantastisk flotte byar, som har supergode ambassadørar for alt som er positivt og attraktivt. Og ikkje minst eit attraktivt, innovativt og utviklande næringsliv.

I prosjektet har vi hatt kontakt med to stadar i Norge som har lukkast med sin rekrutteringsmodell. Det er Bodø og Kongsberg. Plattforma og driftsmodellen vi no presenterer i prosjektet er basert på same modell som desse to stadane har nytta i snart 10 år og som har gjeve kjempe suksess hjå dei.

Sluttresultatet av prosjektet er allereie presentert til nokre av prosjekteigarane og ulike samarbeidsorganisasjonar, og no vi gleda vi oss til å presenterer dette til Formannskapet i Kinn kommune. Det som er suksessfaktoren er at ein dedikerer ressursar til å drifte plattforma. Prosjektet legg til grunn at denne ressursen bør vere tilstades i begge dei to tettstadane og har som hovudmål å sikre engasjement og deltaking frå næringslivet, kommunen og dei forskjellige organisasjonane for å lukkast med rekruttering og tilflytting. Dette er også same metode som har vore nytta i føregangseksempla i rekrutteringsprosjektet.

Parallelt med rekrutteringsprosjektet har Peak Florø etablert seg og etableringa av Peak Måløy er godt i gang. Dette trass ein vanskeleg Covid- situasjon som har råka bedriftene og arbeidslivet generelt. Peak-lokasjonane er gode eksempel på å lage attraktive samhandlingsmiljø kor bedriftene utviklar nettverk og kan tilby sine tilsette eit urbant og utviklande arbeidsmiljø. Slike arbeidsplassar og miljø er tilrettelagt for fjernarbeid, altså at du tilhøyrer eit miljø og kan utføre ditt arbeid ifrå der du er. Slike tilbod kan skal sikre at dei mindre byane og distrikta tiltrekk seg attraktive offentlege arbeidsplassar. Både Florø og Måløy har eit særs interessant og innovativt industrielt næringsliv, men treng fleire arbeidsplassar innan offentlege og statlege arbeidsplassar for å kunne tilby ein komplett arbeidsmarknad som kan tiltrekke seg rett arbeidskraft og jobb til alle som ynskjer og flytte til Kinn kommune.

Eit godt eksempel på at ein no finn nye attraktive løysingar for å sikre dei rette kandidatane og arbeidskrafta, er dei to stillingane som Nærings- og Fiskeridepartementet nett har lyst ut. Her kan du velje sjølv kor du vil bu og arbeide i frå i landet. Utvikling av nye metodar for kommunikasjon og samhandling via nett har tilrettelagt for at dette vil det berre bli meir og meir av i framtida. Her har Covid-situasjonen også gjett oss eit ekstra puff inn i ein ny digital kvardag. No er det vår jobb å syne oss fram frå vår beste side og tiltrekk oss dei som vil leve det gode liv og jobbe i frå godt tilrettelagte og innovative arbeidsmiljø i Kinn kommune. For vi som bur og jobbar her veit kor fantastisk vi har det her, spørsmålet er korleis skal vi formidle det ut til våre nye tilflyttarar?

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet