Om PetroFlora
Utviklingsforum vart etablert som eit partnarskap mellom Flora kommune, Statoil, Maritim Forening Sogn og Fjordane og Aksello i april 2014. Siktemålet med PetroFlora er å auke verdiskapinga i oljenæringa i Flora og regionen rundt. Dei enkelte prosjekta under PetroFlora-
paraplyen blir normalt drivne fram av anten Maritim Forening Sogn og Fjordane eller Aksello med økonomisk støtte hovudsakleg frå Statoil.
Døme på prosjekt der Aksello har henta støtte frå PetroFlora:
- Newton-rommet i Florø
- Hydrogensatsinga på Fjord Base
- Utvikling av Høgskulen på Vestlandet
- Støtte til Aksello sine inkubatorverksemder som Remb og Vestnes Land si utvikling av digitale skap
- Utviding av skipsleia til Westcon
- Niprox si satsing innan energieffektivisering
- Styrking av redning og beredskap i Flora og Sogn og Fjordane