Skip to content Skip to footer

Ny Styreformann i Aksello

«Ny vekst i næringane på kysten og spanande moglegheiter i eit breiare kystsamarbeid»

Dette svarar den nye styreformannen i Aksello på spørsmålet om næringsutvikling og kva rolle han trur Aksello vil ha dei neste åra.

Lars Hellandsjø vart valt som Aksello sin nye styreformann ved Generalforsamling 6. juni i år.

Lars er oppvoksen i Fjærland, busett i Gulen, gift og har tre born.

Som både eigar og dagleg leiar av Skipavika Næringspark AS i Gulen, har han det for tida travelt med oppbygging og drift av aktiviteten der. I Skipavika, lokalisert i Mongstad hamnebasseng, vert det lagt til rette for service på oljeinstallasjonar og landligge for dei installasjonane som ventar på nye oppdrag. Nokre kjenner kanskje Lars att for si tid som president i Redningsselskapet der han leia selskapet i 8 år. «Før dreiv eg med sikkerheit på sjøen, no driv eg med sikkerheit i hamn og på land», seier han med eit smil. Om du kjem på Aksello si frukostsamling 6. september får du treffe Lars og høyre meir om kva han driv med.

Aksello ser fram til å samarbeide med Lars og ser det som svært interessant at han tek med seg erfaringar i frå heilt sør i fylket. «Vi har vår merksemd på kysten og dei kystrelaterte næringane, det å knyte kontaktar og få styrka nettverket på kysten i sør er veldig viktig for oss», seier Lone Bareksten i Aksello.

Ny i styret til Aksello er også Stig Førde som til dagleg sit som viseadministrerande direktør i Fjord Base AS.

Desse sit no i styret til Aksello:

Lars Hellandsjø, Mikael Johansen, Stig Førde, Solveig Willis, Ragnar Waalen, Ola Teigen og Hilde Indresøvde.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet