Fredag 21. juni fekk Florø besøk av ei engasjert delegasjon frå NHH sitt Executive MBA-program i Seafood Management. Deltakarane, som alle har tilknyting til sjømatnæringa, hadde ein innhaldsrik dag med møte hos nokre av dei leiande sjømatselskapa i regionen, før dei gjekk vidare til HAAV Sjømatkonferanse.
Delegasjonen fekk eit innblikk i Grøn Hub Fjordbase Florø – ein samarbeidsarena for sirkulær tenking, kor avfall og restressursar frå éin aktør blir sett på som råstoff og innsatsfaktor for ein annan. Det som tidlegare vart rekna som avfall, blir no sett på som ein ressurs med verdi. Grøn Hub viser korleis samarbeid, deling og sirkulær tenking kan drive fram grøn industri på kysten, trass i barrierar. Ein fekk eit innblikk i kjernen av Florø og ei omvising på Norges grønaste forsyningsbase, med eit stopp på Havland.
Havlandet – Bioteknologi og berekraft frå land
Havland, eit kraftsenter for landbasert yngeltorskeoppdrett og forskingsdriven utvikling, gav deltakarane innblikk i korleis selskapet jobbar med alt frå genetikksatsing til kommersiell oppskalering – og korleis biologi og samarbeid på tvers av fagfelt er nøkkelen til innovasjon og meir berekraftig produksjon.
Tradisjon for pelagisk
Neste stopp var Global Fish Florø, der deltakarane fekk innblikk i eit selskap som kombinerer solide tradisjonar med moderne teknologi og produkt. Sunny Lady låg til kai og leverte sild, passande for ein fredag med sildebord i byen. Dette fartøyet er eit av dei nyaste i flåten og er ein LNG-/batteri-hybridbåt som reduserer utsleppa betydeleg. Den har også dieseltankar som backup. «Miljøhensyn og innovasjon står i førersetet,» heitte det i pressemeldinga frå selskapet då kontrakten vart kjend i 2019 (Skipsrevyen). Det var spanande å sjå produksjon og delar av verdikjeden i pelagisk. Rett ved sidan av ligg Ewos/Cargill, verdas største fiskeforfabrikk.
HAAV Sjømatkonferanse – Kunnskap, kraft og kurs for framtida
Dagen vart avrunda med HAAV Sjømatkonferanse, der både lokale og internasjonale perspektiv på sjømatnæringa blei delt og diskutert. Konferansen sette fokus på verdikjedeutvikling, samfunnsaksept og framtidas sjømatmarknader – og samla næringa som ein viktig møteplass for kunnskapsdeling, nye koplingar, og for å HAAVE inn idear, samarbeid og moglegheiter.
Stor takk til bidragsytarar og samarbeidspartnarar!
Vi vil takke NHH for at dei tok turen til Florø, aktørane bak Grøn Hub Fjordbase Florø, Havland og Global Fish Florø for at dei tok imot delegasjonen og delte av erfaring og innsikt.
Ei særleg takk går til hovudsponsor Sparebanken Norge, og til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Invest in Fjordane, som med si støtte gjorde dette og HAAV Sjømatkonferanse mogleg.
Vi håpar alle tek med seg oppfordringa om å snakke saman, dele innsikt og gripe dei moglegheitene som ligg føre.



