Skip to content Skip to footer

Møte om Sunnfjord: Skal vi slå saman Florø og Førde?

Tid: 5. november kl. 16.15-18.30
Stad: Byx Florø, Strandgata 52 – 3. etg

Skal vi slå saman Florø og Førde? Kanskje eit provoserande spørsmål for nokon, men vi har eit poeng.

Sunnfjord og den sørlege delen av Kinn utgjer ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion, der næringsliv og tenester utfyller kvarandre. Mange er opptekne av det uutnytta potensialet i aksen Florø-Førde.

Kva gjer vi med det? Bli med på møtet!
Det blir mat og mingling – meld deg på ved å følgje lenkja nedanfor.

Program:

– Intro ved styreleiar i Aksello og Sunnfjord Utvikling
– Tormod Andreassen – Næringspolitisk leiar, Næringforeininga i Stavanger-regionen: Sandnes – Stavanger: Konkurrentar eller samlande kraft?
– PwC: Vekstregionen Sunnfjord
– Lokale representantar frå næringslivet i Førde og Florø
– Hallvard Klakegg – Direktør, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane:
Korleis løfte Sunnfjord?
– Aksello og Sunnfjord Utvikling: Moglegheiter i Sunnfjord
– Oppsummering og diskusjon

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet