Kurs i leiarutvikling

Aksello og Studiesenter Kysten inviterer i samarbeid med Tell Norge til eit praktisk leiarutviklingskurs i Florø for deg som ønskjer å utvikle deg som leiar og skape betre resultat i eiga verksemd. Gjennom tre samlingar får du fagleg påfyll, praktiske verktøy og tid til refleksjon rundt utfordringar du møter i kvardagen som leiar. Kurset kombinerer teori, øvingar og erfaringsdeling, slik at du kan omsetje ny kunnskap til praktisk handling.

Kva lærer du?

Gjennom kurset får du konkrete verktøy og metodar som gjer deg betre rusta til å:

  • utvikle deg i leiarrolla
  • kommunisere tydelegare og skape tillit
  • byggje gode team og ein sterk organisasjonskultur
  • handtere endring og omstilling
  • skape utvikling og resultat i eigen organisasjon

Programmet legg stor vekt på praktisk trening, erfaringsdeling og refleksjon, slik at læringa blir relevant og kan takast i bruk i kvardagen.

Leiarutviklingskurs – hausten 2026

Samling 1:
Leiarrolla, leiing i praksis og personalleiing
13. oktober kl. 09:00-16:00

Den første samlinga gir ei felles forståing av leiing som fag og kva som blir forventa av leiarar i dag.

Vi arbeider mellom anna med:

  • leiarrolla og leiing i praksis
  • mål, planlegging og styring
  • utvikling av eigen leiarstil
  • personalleiing og arbeidsgjevaransvar
  • arbeidsmiljølova (AML)

Samling 2:
Forbetringsarbeid, kommunikasjon og kultur
20. oktober kl. 09:00-16:00

Denne samlinga handlar om korleis gode leiarar skaper resultat gjennom menneska rundt seg.

Tema omfattar mellom anna:

  • kommunikasjon som leiarverktøy
  • den vanskelege samtalen
  • tilbakemeldingar og motivasjon
  • effektive team
  • kulturbygging og forbetringsarbeid

Samling 3:
Endringsleiing og omstilling
27. oktober kl. 09:00-16:00

Den siste samlinga har fokus på korleis leie organisasjonar gjennom endring.

Vi arbeider mellom anna med:

  • endringsleiing
  • omstillingsprosessar
  • modellar og verktøy for endring
  • vidare utvikling som leiar
Praktisk læring mellom samlingane

Mellom kvar samling arbeider deltakarane med ein personleg utviklingsplan. Målet er å prøve ut nye metodar og verktøy i eigen arbeidskvardag, slik at læringa blir relevant og varig.

Aktuelle verktøy

Programmet tek utgangspunkt i forskingsbaserte modellar og praktiske leiarverktøy som gir eit felles språk for leiing og organisasjonsutvikling.

Det vil også vere mogleg å gjennomføre JTI (Jungiansk Type Index), eit verktøy som gir auka innsikt i eigne preferansar, leiarstil og samarbeid med andre.

Kurshaldar

Kurset blir halde av Pål Sandal frå Tell Norge.

Pål har lang erfaring innan leiar- og organisasjonsutvikling frå både offentleg og privat sektor. Han har omfattande leiarutdanning frå Forsvaret i Noreg og USA, og har gjennom ei rekkje år arbeidd med strategi, organisasjonsutvikling og leiarutviklingsprogram for verksemder over heile landet.

Han er sertifisert for JTI-typeindikator og har leia ei rekkje utviklingsprogram for leiarar i både offentleg og privat sektor.

Kven passar kurset for?
  • nye leiarar
  • erfarne leiarar som ønskjer fagleg påfyll
  • mellomleiarar
  • daglege leiarar
  • verksemder som ønskjer å utvikle leiarane sine
Pris og støtte

Pris: 14 500,-

Bedrifter som er tilknytta Aksello sine program kan i tillegg få støtte til å dekke inntil 50 % av kostnaden. Er du ikkje tilknytta eit program, ta gjerne kontakt for å høyre om det finst moglegheiter for støtte eller rabatt.

Praktisk informasjon

Datoar: 13., 20. og 27. oktober 2026

Tidspunkt: 09.00–16.00

Stad: Byx Cowork, Florø – Allrommet i 3. etg.

Påmelding

Plassane er avgrensa, og vi anbefaler tidleg påmelding.

Aksello tek atterhald om avlysing dersom det ikkje er nok påmelde.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet