Kursrekke i marknadsføring: Bygg synlegheit, tillit og betre digital praksis

Aksello i samarbeid med Vookal inviterer til ei praktisk kursrekke i Florø for bedrifter, gründerar og tilsette. Gjennom tre kurs får du konkrete verktøy for å styrke merkevara di, bruke digitale kanalar smartare og skape meir synlegheit og tillit over tid.

Kurset passar både for deg som er heilt i startgropa og for deg som allereie jobbar aktivt med marknadsføring, men ønskjer betre struktur, meir effekt og meir tryggleik i det du gjer digitalt.

Kursrekke – hausten 2026

Kurs 1:
Merkevarebygging – tillit og synlegheit
24. september kl. 12.30–15.00

Korleis byggjer du ei merkevare folk faktisk stolar på?

Vi ser på kva som skapar tillit digitalt i dag, og korleis du kan jobbe systematisk med synlegheit og posisjonering over tid. Du får konkrete grep for å gjere merkevara di tydelegare, meir konsistent og meir relevant for målgruppa di.

Kurs 2:
Digitale kanalar i praksis – med eit ekstra blikk på LinkedIn
14. oktober kl. 09.00–11.30

Korleis brukar du digitale kanalar smart, utan å måtte vere overalt?

Vi jobbar med kanalstrategi i praksis, med særleg fokus på LinkedIn. Du lærer korleis du vel riktige kanalar, kva innhald som fungerer, og korleis du byggjer synlegheit på ein effektiv og realistisk måte.

Kurs 3:
Profesjonell bruk av sosiale medier og annonsering
4. november kl. 09.00–11.30

Korleis brukar du sosiale medium meir strategisk – og får meir igjen for innsatsen?

Vi ser på korleis du kombinerer innhald og annonsering for å nå rett publikum, bygge synlegheit og skape betre resultat over tid.

Kurshaldar

Kurset blir halde av Karen Nilsen frå Vookal, som jobbar med marknadsføring, innhald og digital synlegheit for bedrifter og organisasjonar.

Kven passar kurset for?

  • små og mellomstore bedrifter
  • gründerar og oppstartsbedrifter
  • marknadsansvarlege og tilsette
  • alle som vil forstå og bruke digitale kanalar betre

Pris og rabattar

Kursrekke – 3 kurs: 3990 ,-
Enkeltkurs: 1490 ,-

Vi tilbyr redusert pris ved samla påmelding til alle tre kursa i rekka. Meld du deg på heile serien, får du ein gunstig pakkepris.

Bedrifter som er tilknytta Aksello sine program kan i tillegg få støtte til å dekke inntil 75 % av kostnaden. Er du ikkje tilknytta eit program, ta gjerne kontakt for å høyre om det finst moglegheiter for støtte eller rabatt.

Praktisk informasjon

Stad: Byx Cowork, Florø
Allrommet i 3. etg.

Påmelding

Plassane er avgrensa, og vi anbefaler tidleg påmelding for å sikre plass og eventuell pakkerabatt.

Aksello tek atterhald om avlysing dersom det ikkje er nok påmelde.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet