Skip to content Skip to footer

Kurs i arbeidsrett: Lov og leiing – frå magekjensle til regelverk

Program og påmelding – TRYKK HER

Har du personalansvar – og av og til litt for mykje tillit til magekjensla? Då er dette kurset for deg.

Som leiar eller mellomleiar står du jamleg i situasjonar som krev kunnskap om lover og reglar: sjukefråvær, varsling, arbeidstid, oppfølging, konflikthandtering – og mykje meir. Det kan vere krevjande å vite kva som faktisk er rett, kva som er lurt, og kva som kan få konsekvensar.

I dette kurset får du:

  • Oversikt over dei viktigaste reglane i arbeidsretten

  • Konkrete døme frå kvardagen som leiar

  • Tips til korleis du kan handle rett – og førebygge feil

  • Rom for spørsmål og refleksjon

Målet er ikkje å gjere deg til jurist – men til ein tryggare leiar.

Kurset passar for:

  • Ledere og mellomleiarar med personalansvar

  • Deg som handterer HR-relaterte spørsmål i det daglege

  • Verksemder som ønskjer å styrke rettleiing og handtering i tråd med lovverket

  • Tilsette som er tenkt inn i ei ledande rolle, eller har kombi-rolle i organisasjonen som krever kunnskap

Advokatfirmaet Tollefsen AS vil stå for fagleg innhald. Aksello arrangerar kurset saman med Sunnfjord Utvikling og Kunnskapsparken Vestland.

#Eit Vekst/I/Lag-arrangement

Program og påmelding – TRYKK HER

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet