Skip to content Skip to footer

Kurs i AI: Data og maskinlæring – Nøkkelen til grøn vekst og smartare beslutninar

23. september tilbyr vi to praktiske kurs i Florø for deg som vil bruke data og AI til å skapa innsikt, innovasjon og framtidig konkurransekraft.

Denne digitaliseringsfagdagen består av to uavhengige kurs, der du kan delta på eitt eller begge – alt etter kva som passar best for deg og verksemda di. Det vert servert kaffi, møtemat og lunsj.

Maskinlæring og data er ikkje berre for store teknologiselskap – det kan gi små og
mellomstore bedrifter eit konkurransefortrinn i ei datadriven verd. Men korleis tek du det i bruk?

Bli med på kursa og få innsikt frå mellom anna ekspertar i Norce, og lær korleis di bedrift kan ha nytte av denne teknologien! Dette er ei unik moglegheit til å forstå korleis maskinlæring og data kan skape verdi i di verksemd – og korleis EDIH Oceanopolis kan hjelpe deg vidare.

Dato: 23. september

Stad: Comfort Hotel Victoria, Florø

PROGRAM

09:00-11:30: Kurs 1: MASKINLÆRING I PRAKSIS – Eit praktisk kurs som viser korleis maskinlæring kan gi betre beslutningar, også for deg utan teknisk bakgrunn. Kurset gir også ein introduksjon til korleis ein kan trena ein KI-modell til å kjenna igjen bilete. Trykk her for meir informasjon om kurset.

11:30-12:15: Lunsj

12:15-14:45: Kurs 2: VERDIEN AV DATA – Eit introduksjonskurs om korleis data kan skape verdi og bidra til grøn omstilling. Trykk her for meir informasjon om kurset.

PRISAR

  • Kurs 1 – «Maskinlæring i praksis» inkl. lunsj: 200,- eks. mva (ordinær pris: 5700,-)
  • Kurs 2 – «Verdien av data» inkl. lunsj: 200,- eks. mva (ordinær pris: 5700,-)
  • Kurs 1 og 2 inkl. lunsj: 300,- eks. mva (ordinær pris: 10 000,-)

EDIH Oceanopolis får støtte frå EU til å gjennomføre kursa, og vi kan derfor tilby dei til ein sterkt redusert pris. Kursa er opne for alle. Merk at dersom du ikkje avbestiller innan fristen, må vi fakturere 795,- for manglande oppmøte.

Frist for på- og avmelding: 15. september

OM ARRANGEMENTET

Arrangementet er utviklet av Digital Innovation Hub Oceanopolis AS innenfor DIGITAL Europe-programmet som en del av «European Digital Innovation Hub Oceanopolis». Arrangementet er finansiert av den Europeiske Union, Innovasjon Norge og Vestland Fylke.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet