Skip to content Skip to footer

Kompetanseforum Vestland 2025: Korleis samarbeide om kompetanse og arbeidskraft i usikre tider?

På stormøtet i Kompetanseforum Vestland 2025 fekk Florø og Grøn Hub Fjord Base Energy Florø vere ein del av programmet for dagen, leia av Vestland fylkeskommune. Aksello, som prosjektansvarleg for den grøne huben og Studiesenter Kysten, fekk løfta fram kva kompetanse og moglegheiter som finst i Florø, og korleis regionen kan bidra i den grøne omstillinga og i framtidas forsvarssatsing.

I forkant av forumet fekk Aksello besøk av Lene Borgen Waage frå Vestland fylkeskommune og Jane Cathrine Særsten Jünger frå UiB Innovasjon. Dei blei tatt med på eit effektivt bedriftsbesøk til nokre av dei sentrale aktørane i den grøne huben for å utarbeide ein film. Vi var innom Fjord Base, Cargill, Havland, Westcon og Kinn kommune. Filmen frå dette besøket vart brukt til å opne Kompetanseforumet, og gav deltakarane eit levande innblikk i litt av den imponerande breidda av kompetanse og moglegheiter som finst i Florø, etterfølgt av ei offisiell opning av fylkesordførar Jon Askeland.

Under programmet snakka Are Opstad Sæbø frå HyFuel om kor viktig samarbeid mellom selskapa i hubben er for å styrkje verdikjeda og gje moglegheiter til å nytte kvarandre sine restressursar. Linn Nekkøy ved Aksello løfta fram at vi har mykje kompetanse i regionen og er knallsterke innan fleire felt, men vi treng fleire kloke hoder og hender. Studiesenter Kysten er eit viktig verkemiddel for å styrke kompetansen i distrikta. Bedriftene kan kome med direkte innspel slik at ein kan legge til rette for utdanning og kurs som bedriftene treng for omstilling og vidareutdanning, utan å miste arbeidskrafta. På den måten byggjer ein kompetanse og samtidig held på verdifulle ressursar.

Oliver Berdal, sjef for Sjøforsvaret, tok i sitt innlegg mellom anna for seg den aukande konkurransen om arbeidskrafta, som også Sjøforsvaret kjenner på, og verdien av å sjå enkeltmennesket i systema. Forsvaret treng ressursar, tenester og menneske som i tillegg til kompetanse har gode eigenskapar.

Vi fekk mellom anna høyre frå Nordfjordkompaniet om korleis dei arbeider med rekruttering, og vi fekk høyre panelsamtalar med deltakarar frå Sjøforsvaret, Aksello, Hyds, Universitetet i Bergen (UiB), Noregs handelshøgskule (NHH), Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Vestland fylkeskommune. Fagskulen på Vestlandet tok for seg kompetanse for framtida, og vi fekk òg høyre korleis UiB rustar realfag for framtida, og mykje meir.

Etter ein dag med strålande program vil vi i Aksello takke Vestland fylkeskommune for invitasjonen og for at vi fekk delar av dagen til å vise fram Florø, dei unike eigenskapane til bedriftene her, kva regionen kan tilby i samband med forsvar og grøn omstilling, og korleis Grøn Hub Fjord Base Energy Florø og Studiesenter Kysten kan vere gode verktøy for å utvikle framtidig kompetanse.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet