Skip to content Skip to footer

Julehelsing frå Aksello

Når vi no går inn i julehøgtida, ønskjer vi å rette ei stor takk til alle samarbeidspartnerar gjennom året 2025! De er avgjerande for alt vi får til! Det har vore eit år med høg aktivitet, godt samarbeid og viktige gjennomslag for næringslivet i regionen. Nedanfor er eit bittelite knippe av det vi har arbeidd med i år, og som vi er takknemelege for.

Aksello har arbeidd målretta med innovasjon, kompetanse og verdiskaping. Som leverandør av Siva SF sitt innovasjonsprogram har vi eit ansvar for å styrkje innovasjonsmiljøa i regionen. Det var stor stas då vi kunne avslutte året med tilbakemelding frå SIVA om at vi har løfta oss på fleire av kvalitetskriteria deira. Det å levere gode tenester og vere med på å skape resultat for dei som nyttar Aksello, er særdeles viktig for oss. Det er inspirerande å sjå at selskapa i programma våre når nye høgder, blir løfta fram nasjonalt og vinn gjeve prisar!

Vi vil halde fram med arbeidet med å byggje eit endå sterkare innovasjonsmiljø i regionen framover.

Vidareføringa av Studiesenter Kysten, samarbeidsprosjektet mellom kommunane Kinn, HAFS og Høyanger, fekk 3 millionar frå Vestland fylkeskommune og 1 million frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Dette er midlar som mellom anna vil gå til utvikling av desentralisert utdanning i distrikta, som næringsliv og kommune har behov for, samt studiehubar for studentar i kommunane.

Omstilling for bedriftene og sirkularitet har stått høgt på agendaen i år, som tidlegare år. Gjennom prosjektet Grøn Hub FjordBase Energy Florø – som er ein av dei grøne hubane i Grøn region Vestland – har vi saman med selskapa i Florø, Kinn kommune og Norconsult kartlagt og undersøkt korleis ein kan nytte restressursar, som varme frå industriell produksjon, til anna næring, kommunale einingar og byutvikling, samtidig som ein tek vare på gode forretnings­casar for dei involverte selskapa. Dette arbeidet heng saman med dei kommunale arealplanane, behov for kraft, langsiktig­heit og det å ta ned barrierar.

Vi har samla leiarnettverk og sentrale fag- og FoU-miljø. Vi har arrangert arrangement, frokostmøte og ei rekkje kurs innan satsingane våre for kompetanseheving. Vi kan mellom anna nemne HAAV Sjømatkonferanse, Flora U40, kurs i styrearbeid saman med Vekst/i/Lag-nettverket og Handelshøyskolen BI, samt Styreforeningen.no. Vi har halde CSRD-kurs for større bedrifter (her er det berre å melde interesse for 2026 òg!). Grunna satsinga vår på KI i bedriftsprosessar kom Oceanapolis og NORCE og heldt kurs i verdien av data og maskinlæring – for full sal. I 2026 kjem det eit nytt Vekst-program om korleis KI kan skape verdi for di bedrift. Vi satsar òg vidare på Enhanced Valuechains, eit prosjekt med leiande bedrifter innan sjømat og digitalisering på tvers av verdikjeder.

Vi går inn i 2026 med eit sterkt ønskje om endå tettare samarbeid og meir verdiskaping for heile regionen. Takk for tilliten, engasjementet og samarbeidet i året som har gått. Vi er klare på nyåret med fleire spennande prosjekt og oppgåver! Vi ønskjer dykk alle ei riktig god jul og eit spennande og godt nytt år!

Ei stor takk til eigarane våre: Fjord Base Gruppen, SFE, Westcon Yards, Norwell, SpareBank 1 Sogn og Fjordane, Sparebanken Norge, Siva SF, Kinn kommune, FIN og Equinor.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet