Investor-klare med Seed Forum
– Målet er å gjere dei «investor-klare». Det vil seie at dei skal kunne kommunisere eit klart og tydeleg bodskap til potensielle investorar, fortel Korsmo i Seed Forum.
Seed Forum, som opphaveleg starta i Norge, har over dei siste femten åra spreidd seg til over 60 land. Dei driv med kursing, men arrangerer også konferansar, og fungerer som ein møteplass for investorar og bedrifter.
Gründerane fekk opplæring i å halde eit seks minuttar langt «pitch», eit 30 sekundar «power-pitch» der dei på berre femten ord skulle forklare kva dei gjer og kvifor ein bør investere i bedrifta, og til sist, eit «impact-pitch»: Ei setning der målet rett og slett er å skape ein «Wow!»-reaksjon.

Påfyll i verktøykassa
Leif A. Stavøstrand kom inn i inkubatorprogrammet 1.april i år med bedrifta Evoy AS, som skal levere elektrisk framdriftssystem til planande båtar. Sjølv om den tidlegare administrerande direktøren på Saga Fjordbase har mykje erfaring frå arbeidslivet meiner han at det er god bruk av tida.
– Det er bra at Aksello arrangerer dette. Det var flinke folk og eit godt opplegg, konstaterer han og legg til:
– Det var eit påfyll i verktøykassa for min del. Vi må vere flinke til å fokusere på det som er viktig og halde oss kortfatta når vi kommuniserer, og vi må tilpasse oss dei som vi snakkar med.
Ut av komfortsona
Njål Bragstad driv selskapet Updown Prosjekt AS som utviklar eit system for skrogreingjering for større skip som skal gi store innsparingar for internasjonale fartøy. Selskapet blei med i inkubatorprogrammet i desember i fjor og har mottatt tilskot frå Innovasjon Norge.
Eg kom godt ut av komfortsona. I inkubator-miljøet er det mykje innanfor maritime næring. Prosjekta er for borna våre å rekne. Nokre av prosjekta krev langsiktig kapital for å bli realisert, men vi er ein teknisk tung gjeng og det er viktig for oss å lære stammespråket og å forstå investorverda.
– Njål Bragstad, Updown Prosjekt AS.

Finansiering frå første dag
Korsmo vektlegg at det er essensielt å tenkje på finansiering frå første dag når ein startar eiga bedrift.
Dei aller fleste startar for seint og kjem på etterskot med finansieringa, og det får konsekvensar.
– Steinar H. Korsmo, president og CEO i Seed Forum.
Han trekker fram at det å kunne kommunisere kva verdidrivar bedrifta har er svært viktig om ein skal klare å hente inn midlar.
– Ein investor vil berre investere i ei bedrift om han eller ho ser at det er potensiale for vekst, slår Korsmo fast.
Miljø og nettverk
Gjennom å arrangere kurs for gründerarar i inkubatoren ynskjer Aksello å vere med å skape eit miljø for læring og eit nettverk for finansiering, der innhenting av midler er ein viktig del.
– Hensikta er kort fortald å legge til rette for at selskapa lykkast med å skaffe kapital for å sikre framgang og vekst, påpeikar Vanja Viken, inkubatorleiar hos Aksello.
I samarbeid med inkubatoren i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, vil Aksello til hausten sette opp ein aktivitet for inkubatorselskapa i fylket, der dei vil få presentere seg for investorar og investormiljøa.
– Då vil dei som har vore med på dette vere best mogleg rigga til å presentere forretningsideane sine, understrekar Viken.