22.-23. september samla Aksello inkubatorbedriftene sine til ei todagars samling, der deltakarane fekk presentere arbeidet sitt, dele erfaringar og diskutere utfordringar og moglegheiter – ein viktig møteplass for det lokale innovasjonsmiljøet.
Dag 1: Å bygge gode team
Første dag hadde temaet å bygge gode team. Samlinga starta med at kvar bedrift delte milepælar og planar vidare – ei verdifull runde som synte både mangfaldet og framdrifta i inkubatormiljøet.
Kjell Hilde heldt eit innlegg om korleis eit Advisory Board og gode mentorar kan vere avgjerande for ein gründer. Han understreka betydninga av å ha rett kompetanse rundt seg når ein skal bygge selskap.
Deretter gav advokat Nina Tennebekk frå NHO konkrete og praktiske råd om ansetjingsprosessar og arbeidskontraktar, i tillegg til ei innføring i korleis NHO kan birdra til SMB-marknaden.
På kvelden samla deltakarane seg på Sørstrand Folkepark. God mat, quiz og uformelle samtalar gav rom for refleksjonar rundt både utfordringar, moglegheiter og det vidare arbeidet i Aksello. Slike møtepunkt er viktige for å styrkje fellesskapet og nettverket i miljøet.
Dag 2: Kompetanseheving og nettverksbygging
Den andre dagen blei kombinert med to opne AI-kurs i regi av Aksello og NORCE Research. Her var det fullt hus, då både inkubatorbedriftene og representantar frå næringslivet i Florø møtte opp.
Forskarar frå NORCE bidrog med spennande kunnskap om maskinlæring og verdien av data. Kurset blei ei sterk arena for kompetanseheving, men òg for nettverksbygging på tvers av bransjar.
Takk til deltakarane
Aksello er stolte over å ha eit inkubatormiljø som rommar alt frå nyetablerte gründerar, til knoppskytingar frå etablerte selskap og bedrifter med lang fartstid. Denne breidda skaper verdifulle samtalar, læring og samarbeid.
Vi vil rette ein stor takk til alle bedriftene som stilte opp, delte erfaringar og bidrog til å gjere samlinga til ein suksess.
Vi er stolte av å vere ein del av eit veksande innovasjonsmiljø – og gler oss til å fortsetje å leggje til rette for vekst og samarbeid!
Meir om Aksello
Aksello er eit næringsutviklingsselskap som støtter gründerar og etablerte bedrifter. Selskapet har ein av dei 30-tals inkubatorane i det nasjonale Siva-systemet, gjennomfører ei mengd prosjekt der spesielt koplinga mellom bedrifter, styresmakter og akademia står sentralt, og driv kommunal førstelineteneste. Aksello hentar midlar og finansiering til støtte for bedrifter og prosjekt, og arrangerer ulike møteplassar for rekruttering, kompetanseheving og anna.
Selskapet har i dag ti eigarar: Westcon Yard Florø, Fjord Base Holding, Equinor, Flora Industri- og næringsforening, Sparebanken Vest, Sparebanken Sogn og Fjordane, Norwell, Sogn og Fjordane Energi, Kinn kommune og statlege Siva.
For ytterlegare informasjon, ta kontakt med Linn Theres Nekkøy, dagleg leiar, på telefon 95820063 eller e-post: linn@aksello.no.

