Inkubatorsamling hos Aksello: Fag, nettverk og gründerinspirasjon

11.–12. mai samla Aksello deltakarane i inkubatorprogrammet til ei inspirerande samling med fagleg påfyll, workshops og sosialt samhald. Målet var å gi gründarane konkrete verktøy, innsikt og nettverk for vidare vekst og utvikling.

Deltakarane fekk informasjon om støtteordningar og verktøy, samt råd om korleis dei kan bruke nettverket i inkubatorprogrammet best mogleg.

Eit av høgdepunkta var innlegget frå Martin Ramsdal i Nekst AS, som har utvikla det innovative oppdrettskonseptet Havliljen. Han delte sine erfaringar knytt til å utvikle innovative produkt og teknologi, bygging av team og innhenting av kapital.

Linn Theres Nekkøy i Aksello heldt workshop om skalering og vekst, der deltakarane jobba praktisk med eigne selskap og lærte korleis dei kan bygge meir effektive og berekraftige system for vidare utvikling.

Samlinga baud også på sosialt treff med rebusløp, omvising på Kystmuseet og god mat frå Bordgleder.

På dag to stod merkevarebygging og marknadsføring på agendaen. Lene Ellingsund og Karen Nilsen frå Vookal AS delte konkrete råd om synlegheit, innhald og strategisk bruk av nettsider og sosiale medium.

Samlinga synte verdien av å vere ein del av inkubatorprogrammet hos Aksello, med tilgang til fagmiljø, rådgjeving, nettverk og verktøy som styrkar både gründarar og næringslivet i regionen.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet