Skip to content Skip to footer

Industri-fokus i Frukostmøtet 1. mars

[vc_row][vc_column][vc_column_text]Mens temperaurmålaren viste minus 10 i dei tidlege morgontimane på torsdag 1.mars, samla rundt 40 personar seg til frukost, kaffi og mingling i dei varme og nylig ommøblerte lokala våre. På programmet var presentasjonar frå verfts- og plassjef Arne Werge-Olsen frå Elkem Bremanger og Jonny Bjørnset frå Fjordpanel. I tillegg fortalde Audun Erik Sunde og Arne Olsen om planane for Offshore Northern Seas 2018 i Stavanger.

Arne Olsen var i det spøkefulle hjørnet når han inviterte sin nesten perfekte namnebror Arne Werge-Olsen frå hjørnesteinsbedrifta Elkem Bremanger. Werge-Olsen la merke til oppmøte av kvinner, og var stolt av å kunne fortelje at det i Elkem Bremanger no er 25 % kvinner i det som typisk har vore ei mannsdominert bransje. Eit vikitig poeng med tanke på arbeidsmiljø, heilheita, mangfoldet og utviklinga framover.

 

Status og mogligheiter i Elkem Bremanger

Med bare tre år i Svelgen er Werge-Olsen relativt ny i bedrifta, men bak seg har han 27 år frå Hydro. Han har gått gradene som kjemiingeniør, og no er leiing hans virke. Han viste ein film frå verftet, som synlegjorde dei store endringane dei har fått til den seinaste tida, med ny parkeringsplass, nye fasadar og garderobeanlegg og ei 350 lang «strandlinje» av naturstein, og han konstaterte at dei no har tatt verftet inn i 2018, og at dei har tenkt langsiktig i utforminga.

– Kvifor skal Elkem vere i Svelgen, spurte han retorisk, og svara:

Arne Werge-Olsen

– Eit utruleg godt miljø. Og 3000 millimeter nedbør, smilte han.

Verftet brukar kraft tilsvarande Ålesund, totalt 750 GWh, og har 200 tilsette med totalt 240 arbeidande på anlegget. Dei har greve ut fjorden slik at større båtar kan legge til og dei tar imot gjennomsnittleg ein båt for kvar verkedag. Sjølv om mesteparten av leveransane kjem sjøvegen, er og blir den største er utfordring tilkomsten via veg. Det er ein god del pendlare blant dei tilsette, og spesielt lærlingar. I tillegg kjem mange firma med utanlandske sjåførar, som ikkje er vandt med å krysse Magnhildskaret i vinterføre. Ei anna utfordring han traff fram er å få inn kompetanse på ingeniørsida.

– Vi får inn utruleg mange flinke og flotte lærlingar, men å få inn ingeniørar har vist seg å vere ei utfordring, understreka Werge-Olsen, og trakk spesielt fram elektro-, maskin- og automasjonsingeniørar.

 

Status og moglegheiter var tema for innlegget til Werge-Olsen, og det er store moglegheiter i det dei produserer. Blant anna nemnet han silgrain, som er eit høgreint silisium. Det er patentert og blir berre laga i Svelgen. Det er 3 gram silgrain frå Svelgen i kvar smarttelefon over heile verda. Det er ganske spesielt. Stoffet blir òg vidareforedla og brukt i solcellepanel, i batteri, og meir.

– The sky is the limit, sa Werge-Olsen på godt norsk, og påpeika at utviklinga er utruleg artig sjå, og svært viktig økonomisk. Det er grøn energi i fast form.[/vc_column_text][vc_column_text]ONS 2018 – ein felles regional stand og Florø-teltet

27–30. august vert det arrangert Offshore Northern Seas (ONS) 2018 i Stavanger. ONS er ein global møteplass for internasjonale aktørar innanfor petroleum og for andre havroms-relaterte aktørar. Audun Erik Sunde, seniorrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og også kjent oljekonsulent, fortalde om planane under årets ONS-veke i Stavanger.

I år samarbeider fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland om ein felles regional stand på messeområdet, med eit ønske om å senke terskelen for mindre aktørar, som kanskje ikkje ønsker ein eigen stand. Det vil vere ei felles promotering av kompetansemiljøa, leverandørindustrien og andre institusjonar knytt til petroleum- og energiretta næringsliv i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei som er interesserte kan finne meir info og melde seg til www.westernnorway.no

Arne Olsen fortalde om teltet som skal representere oljebyen Florø og oljeregionen Sogn og Fjordane under festivalen. Der vil Bistro To Kokker servere sjømatbuffet, og det vil vere musikkinnslag utover kvelden. Der vil det vere gode moglegheiter for å profilere og synleggjere bedrifta, og drive nettverking. For påmelding, prisar og anna informasjon kan ein kontakte Arne på e-post: arne@aksello.no

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column offset=”vc_hidden-sm vc_hidden-xs”][vc_media_grid element_width=”2″ gap=”10″ grid_id=”vc_gid:1519990693224-ff763aa1-f39a-0″ include=”4765,4749,4746,4747,4748″][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]Fjordpanel – stort potensiale 

Sist ut var Jonny Bjørnset frå inkubatorbedrifta Fjord Panel AS, som er eit knoppskytingsprosjekt ut av bedriftene Fjorddesign i Lavik, Ortnevik Tre i Sogn og Florø-bedrifta Vestnes Norway. Dei har sikra seg rettigheitene på eit silikatmateriale og produserer paneler med ei ubrennbar kjerne. Det kan dekkast med forskjellige overflater og er både dekorative og brannsikra.

I januar var dei i Sverige og testa produktet. Det bestod alle testar av struktur og utslepp av farlege gassar. Dei har eit tett samarbeid med Brødrene AA, og Bjørnset kunne fortelje at panelet veg 300-500kg per kubikk, avhengig av bruksområde, medan stål til samanlikning veg 8000 kg. Det er med andre ord eit produkt som er høgst aktuelt i produksjon av maritime fartøy.

Dei er no i første fase og har i år starta med å levere ferdig produkt. Dei har budsjettert med å levere 9000 kvm i 2018, og har allereie nådd 3000 kvm. Produksjonen av materialet går føre i Torsby i Sverige, og gründeren håpar å etter kvart å flytte produksjon av skap, gulv, møblar og liknande til fylket vårt.

– Vi kan ikkje få produsert nok for å møte etterspørselen, poengterte Bjørnset, og avslutta under spørjerunda:

– Det er eit produkt som har mange bruksområder, men vi fokuserer på å ta det steg for steg.

 

Fritt ord

Under fritt ord grep Torleif Hjerman sjansen til å fortelje at Nærtenesten no har kurs kvar veke, året rundt, og at dei kunne levere spesialsydde løysingar for kursing til bedrifter om ønskeleg, det vere seg truckførarkurs, kursing i løftereiskap, kraner og så vidare. Han poengtere viktigheita av å bygge lokal kompetanse og sørge for utvikling ved hjelp av opplæring, og oppfordra dei som er interesserte til å finne informasjon om kurs og ta kontakt via nettsida deira.

 

Neste frukostmøte

Neste frukostmøte vert 5. april. Vi håpar å sjå dykk alle der og ver gjerne tidleg ute med å melde deg på. Om du ikkje allereie tek imot invitasjon og nyhendebrev frå oss, kan du melde deg på mottakarlista vår her.

[av_button label=’Nyhendebrev’ link=’manually,http://framflora.us7.list-manage2.com/subscribe?u=01884035cc6939da6e2474bf8&id=5931901d8d’ link_target=’_blank’ size=’medium’ position=’center’ icon_select=’yes’ icon_hover=’aviaTBicon_hover’ icon=’ue805′ font=’entypo-fontello’ color=’theme-color’ custom_bg=’#444444′ custom_font=’#ffffff’ admin_preview_bg=” av_uid=’av-27y6rq’][/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column offset=”vc_hidden-lg vc_hidden-md”][vc_media_grid element_width=”3″ gap=”10″ grid_id=”vc_gid:1519990693228-f8468b6e-5383-10″ include=”4765,4746,4747,4748,4749″][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet