Skip to content Skip to footer

Hausttreffet 2025 – ein møteplass full av engasjement og nye moglegheiter

Torsdag 16. oktober arrangerte Aksello Hausttreffet i Florø – ein inspirerande møteplass for næringsliv, studentar og engasjerte folk frå heile regionen. Det vart ein dag full av engasjement, nye kontaktar og spennande samtalar.

Hackaton med samarbeid i fokus

Dagen starta med Hackaton hos Aksello på Byx. Studentar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) fekk bryne seg på ei reell utfordring frå Fjord Base, og leverte imponerande løysingar på kort tid.

Det vart ein lærerik og engasjerande prosess der mange studentar oppdaga kor viktig samarbeid er, og at dei får mykje meir ut av å jobbe saman enn kvar for seg. Det var tydeleg at deltakarane fekk stort fagleg og sosialt utbytte av å tenkje kreativt i lag.

Vi vil rette ei stor takk til Fjord Base, HVL og linjeforeininga Line Tech for godt samarbeid og ein vellukka gjennomføring av Hackatonet!

Liv og røre på Comfort Hotel Victoria

Frå klokka 12 til 14 var det liv og røre på Comfort Hotel Victoria Florø, der ei rekke bedrifter stod på stand for å møte nysgjerrige besøkande. Mange kom innom for å slå av ein prat, knyte nye kontaktar og bli betre kjende med det lokale næringslivet.

Aksello, Studiesenter Kysten og Flora U40 stod også på stand, og det var kjekt å møte så mange positive og interesserte folk!

Vi vil også rette ein stor takk til Florø vidaregåande skule, som la til rette for at elevane kunne delta. Det bidrog til at fleire unge fekk møte næringslivet og sjå kva moglegheiter som finst her i regionen.

Vi ser tilbake på Hausttreffet 2025 som eit vellukka arrangement som verkeleg fekk fram engasjementet i byen. Det er tydeleg at slike møteplassar har stor verdi, både for studentar, bedrifter og alle som er nysgjerrige på kva som rører seg i regionen.

Når næringsliv, studentar og ungdom møtest på denne måten, skaper vi grobotn for framtidas samarbeid, arbeidsplassar og idear.

Takk for i år!

Vi vil takke alle bedriftene, studentane, elevane og dei engasjerte folka som tok turen innom Hausttreffet.

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet