Skip to content Skip to footer

HAAV Sjømatkonferanse 2025: Kunnskap, kraft og kurs for framtida

Fredag 20. juni blei Florø samlingspunkt for sentrale aktørar innan havbruk og sjømat, då HAAV Sjømatkonferanse gjekk av stabelen – i regi av Aksello og Laksens dag.

Med tema som kvalitet, verdikjedeutvikling, rammebetingelsar og internasjonale marknader, samla konferansen eit breitt spekter av presentørar og deltakarar for å drøfte både moglegheiter og utfordringar i ei næring som er avgjerande for kystsamfunna våre.

– Det som verkeleg traff meg, var korleis heile verdikjeda i havbruk blei løfta fram – frå nye måtar å nytte heile fisken på, til behovet for sosial aksept og berekraftige arbeidsplassar. Det opnar for innovasjon og nye tilskot i næringa. Det blei også tydeleg at veksten i marknader som Kina handlar mykje om nye salskanalar, ikkje berre pris. Her ligg det spennande moglegheiter framover!
– Bjørn Hollevik

Norsk sjømat må vinne på verdi og tillit

David Parker frå Sainsbury’s UK la fram kva britiske forbrukarar forventar av norsk sjømatproduksjon og fiskeri: kvalitet, enkelheit, helse og tillit. Sjømat er attraktivt – men òg sårbart. Forteljinga om helse og berekraft må vere ekte, konkret og uavbroten. Med 94 % av britar uroa for verdshava, må aktørane ha uavhengig sertifisering og styrka sosial lisens. For å bli valt i ein tøff marknad må norsk sjømat konkurrere på kostnad, matsikkerhet og omega-3, og hugse å fortelje historia si og ikkje ta marknaden for gitt.

Full utnytting av fisken: Den islandske modellen

Oddur Thorsson frå Iceland Ocean Cluster snakka om utviklinga av den blå økonomien. Han viste korleis aktørar på Island har gått frå tradisjonelt fiske til ein dynamisk blå økonomi gjennom 100 % verdiutnytting av fisken. Alt frå fiskeskinn og til enzym og kollagen blir foredla til produkt innan mote, medisin og kosttilskot. Innovasjon, samarbeid og teknologi er nøkkelen – saman med evna til å aktivere oppstartar og investorar. Resultatet er høg verdiskaping, eksportmoglegheiter og ein heilt ny industri – alt med fisken som utgangspunkt.

Rammevilkår og regional effekt

Krister Hoaas presenterte perspektiv på Havbruksmeldinga sett frå vest. Han peika på det positive forliket i Stortinget som viste at ein trenger betre kunnskapsgrunnlag før ein sett i gang med nye reguleringar. Ein treng ei  rettferdig og forutsigbar forvalting. Næringa treng tryggleik for investeringar, fleksible løysingar for miljø og ei eiga forvaltingsstruktur. Eit breitt politisk forlik gir håp. Ein vonar at politikerane ser verdiskapinga denne gjer i distrikta og dei viktige inntektene som kjem med ho til kommunane.

Noreg er verdsleiande – men korleis held vi posisjonen?

Dag Sletmo frå DNB, forklarte korleis havbruksnæringa er vår «Silicon Valley», med sterk forskingsbasert innovasjon og verdsleiing innan lakseoppdrett. Han advarte mot å bli for komfortabel – framover krevst ny teknologi, gode reguleringar og evne til å styrke modellar. Havbruk må vere del av løysinga på globale utfordringar som matmangel og klima. Men konkurransen aukar, marginane er under press, og samfunnstillit er ferskvare. Noreg må tenke langsiktig – og handle no.

Panelsamtale: Havbruksmeldinga og vegen vidare

Linn Nekkøy frå Aksello var konferansier for dagen og leia panelsamtalen. Olve Grotle, som representerte næringskomiteen på Stortinget for Høgre, prioriterte å delta på konferansen og samtalen i staden for siste Stortingsdag. Der fekk ein dei politiske perspektiva på Havbruksmeldinga. Marthe Vassbotten peika på utfordringane Havbruksmeldinga kan føre med seg for små og mellomstore oppdrettarar, og Halfdan Mellbye frå Sands Advokater, som har arbeidd mykje med meldinga, kom med viktige perspektiv på trafikklysordninga og dei lovmessige faktorane i den nye meldinga. Det blei ei engasjert, livleg og innsiktsfull samtale om Havbruksmeldinga og moglegheitene for vidare vekst i havbruksnæringa. Samtalen synte kor viktig det er med open debatt og samarbeid mellom næring og forvaltning for vidare utvikling.

Berekraft i praksis og effektivitet

Stine Sjursen frå Lerøy tok for seg lokal verdiskaping i perspektivet bærekraft og distriktsvekst. Ho viste korleis Lerøy jobbar for å skape effektive og berekraftige verdikjeder for sjømat. Stine la vekt på at heile verdikjeda – frå fôr til ferdig produkt – må bidra til å redusere fotavtrykket gjennom tiltak som pre-rigorfiletering, bruk av tørris frå resirkulert CO₂ og elektrisk transport. Bearbeiding i Noreg gir ikkje berre klimafordelar, men også nye arbeidsplassar langs kysten.

Arbeidsplassar i distrikta

Eit sentralt poeng for Bjørn Inge Igland var korleis satsinga på Havland bidreg til å skapa arbeidsplassar i distrikta. Han snakka om reisa deira frå vill torsk i fangenskap til genetisk foredla stammefisk som veks tre gonger raskare på land enn i sjø. Med yngelkapasitet og lukka system både på land og i sjø ønskjer dei å sikre kvalitet, kontroll og berekraft – med eit stort fokus på forsking og utvikling.

Fiskevelferd i praksis – teknologi og ansvar

Silje Sveen delte korleis Marø Havbruk jobbar systematisk med fiskevelferd gjennom teknologi, overvaking og førebygging. Frå luselaser og rensefisk til datadeling og hybrid drift har selskapet testa og implementert ei rekke tiltak. Likevel er det ofte samspel av fleire faktorar som skaper utfordringar. Ved å stille spørsmål ved alt frå smoltrobustheit til algeoppblomstring ønskjer dei å liggje i forkant. Fiskevelferd handlar ikkje berre om tiltak – men òg om haldning.

Kina står for eksplosiv vekst i den globale laksemarknaden

Sigmund Bjørgo forklarte korleis Kina har blitt ein rakett i laksemarknaden, med ein vekst på heile 47 % i april åleine. Norsk laks veks både i marknadsdel og geografisk utbreiing, dreven av netthandel, live-streaming og ein eksploderande middelklasse. Men trass i veksten har Noreg framleis mykje uforløyst potensial. Løysinga ligg i betre distribusjon, sterkare forteljingar og lokal tilpassing – særleg i mindre byar. Kinesarane ønskjer fersk og sunn norsk sjømat.

Takk til alle bidragsytarar og samarbeidspartnarar

Vi rettar ein stor takk til alle foredragshaldarar, deltakarar og samarbeidspartnarar som gjorde denne dagen til ein suksess – og ikkje minst til våre støttespelarar: Sparebanken Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Invest in Fjordane.

Med HAAV 2024 har vi teke eit viktig steg mot meir kunnskapsdeling, samarbeid og framtidsretta verdiskaping i Sjmatnæringa. Vi håper deltakarane tek med seg både inspirasjon og innsikt, og grip oppfordringa om å snakke saman, dele erfaringar og utforske nye moglegheiter – saman.

Ein HAAV for idear – eit hav av moglegheiter

Takka vere våre samarbeidspartnarar blir HAAV Sjømatkonferanse mogleg.
Vi set stor pris at de er med!

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet