Skip to content Skip to footer

Gratis rådgjeving – Utvikle bedrifta di

Tiltakspakke hausten 2020

Med dette omstillingsprogrammet på tampen av 2020, vil Aksello tilby gratis rådgjeving til enkeltbedrifter. Kanskje treng de eit friskt blikk på situasjonen i bedrifta. Saman kan vi – ved hjelp av våre verktøy – finne fram til små eller store grep som må til for å få ein ny vår i bedrifta di. Er planen å starte opp ei ny bedrift – har vi og dei verktøya som må til for å lukkast. Målet er at dette omstillingsprogrammet skal bidra til at bedriftene på sikt skal både vekse og utvikle seg, på ein positiv måte.

Med Aksello og Innovasjon Norge sine kunnskapar og kompetanse tilbyr vi individuell rådgjeving innanfor eitt eller fleire av desse områda:

  • Strategi
  • Omstilling
  • Bærekraft
  • Nye marknader og produkt
  • Forretningsutvikling
  • Digitalisering
  • FoU-prosjekt
  • Eigenkapital
  • Kompetansebehov og rekruttering
  • Rett finansiering frå virkemiddelapparatet

Vi hjelper deg med søknader om du vil søke støtte i kommunale næringsfond, Innovasjon Norge, Regionalt Forskningsfond etc.

>> Ta kontakt for ei rask og uforpliktande avklaringssamtale ved å trykke

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet