Skip to content Skip to footer

Full fart hos Aksello – som vanleg!

Frå styrekurs til Frukostmøte – Dei siste vekene har vore fulle av spanande aktivitetar som sikrar påfyll av kompetanse og visjonar for oss sjølve og for regionen.

Styrekompetanse for framtida

I veke 45 arrangerte Aksello, i samarbeid med Styreforeningen, eit 2-dagars styreautorisasjonskurs i Florø. To intensive og lærerike dagar som resulterte i at deltakarane blei autoriserte styremedlemmer. Vi står no att med fleire dyktige og kompetente styrekrefter i regionen, klare til å bidra til vidare utvikling.

Sunnfjord samla om felles utvikling

Onsdag 5. november var det duka for møte om Sunnfjordregionen, i regi av Aksello og Sunnfjord Utvikling, med fokus på korleis vi kan styrkje Sunnfjordregionen saman. Det vart servert spanande mat frå Gro Sveen og Svanøy Røykeri, laga av redda råvarer. Kaldrøkt laks frå Svanøy og knekkebrød av restar frå ølbrygging hos Kinn Bryggeri symboliserte kysten, og gresskarsuppe av Halloween-restar symboliserte den sterke landbruksnæringa i indre del av Sunnfjord.

Vi fekk høyre fleire gode innlegg og perspektiv frå engasjerte foredragshaldarar, og det var tydeleg at Sunnfjord er full av komplementære ressursar og samarbeidspotensial for å løfte regionen i fellesskap. I eit rekrutteringsøyemed og ved profilering av regionen utad er vi mykje sterkare om vi ser oss i samanheng enn kvar for seg. Saman har vi sterke offentlege institusjonar, høgskule, folkehøgskule, sterk industri og privat næringsliv, forsking og utvikling, samt kort pendlarveg for «jobb for 2».

Ei felles plattform for heile Sunnfjord

Det fyrste på agendaen for å styrkje regionen samla under ei felles paraply er nettsida sunnfjord.no. Ho kan brukast som eit verktøy for næringslivet, både store og små aktørar, til profilering, rekruttering og marknadsføring. Saman med Sunnfjord Utvikling, Aksello, Hub For Ocean, Nytta og fleire næringsaktørar i Sunnfjord legg vi til rette for å spreie informasjon og utvikle denne merkevara vidare. Ta ein titt og ta ho i bruk. Gje ein lyd om du saknar di bedrift i din kommune eller har andre gode innspel. Stor takk til alle som møtte opp og viste engasjement. Vi tek ballen vidare.

Inspirasjon og innsikt på Frukostmøte

Torsdag morgon 6. november hadde vi eit inspirerande Frukostmøte med ei spanande rekkje innleiarar. Njål Eliasson frå DigiHome, ny deltakar i Aksello sitt inkubatorprogram, presenterte korleis dei nyttar KI-agentar for ein innovativ tilnærming til drift av utleigeselskapet sitt. Vi fekk også besøk frå Pål Næss, medgründer av Gelato, kanskje Noregs fyrste unicorn. Han delte innsikt frå LocalHost si nye løysing Overviu, eit digitalt system som kan samle alle data på ein stad for arbeidsgivar og gjere arbeidskvardagen meir effektiv for bedrifter. Løysinga er utvikla i Kinn. Gro Rukan gav status på Vilje helseklynge og alle dei spanande moglegheitene som ligg i eit slikt miljø. Til slutt fekk vi høyre frå Audun Mikalsen, som bur og arbeider i Sør-Amerika, om korleis norske bedrifter kan sjå mot kontinentet no når nye handelsavtalar er på plass for fleire av dei store landa i Sør-Amerika.

Teknologi og rollemodellar for unge jenter

På ettermiddagen var vi innom Hub for Ocean sitt initiativ for jenter i 9. klasse, Jenter og teknologi. Her var det fullt hus med kvinnelege rollemodellar frå næringslivet og engasjerte jenter i 9. klasse. Dagleg leiar Linn i Aksello presenterte moglegheiter for næringslivet i Florø. Det var slett ikkje alle som visste at vi har verdas største fiskefôrfabrikk eller verdas einaste kommersielle yngelanlegg for torsk. Florø er òg ein viktig industristad, med landets største forsyningsbase, hovudkontoret til det største ferjeselskapet i Noreg og den største verksemda innan vaskeri- og tekstiltenester i landet. Det er mange moglegheiter for teknologiutvikling og nyskaping i desse og andre selskap.

Vi i Aksello heiar sjølvsagt på gründerar og tilbyr bistand til alle som vil skape noko sjølve. Vi oppmoda om å tenkje annleis og prøve. Alt treng ikkje vere perfekt for å lukkast. Vi ønskjer dei mykje lykke til med framtidig karriere og takkar Hub for Ocean for at vi fekk halde innlegg og for eit godt arrangement.

Ei innhaldsrik veke full av læring, samarbeid og inspirasjon.
Tusen takk til alle som bidrog, delte, deltok og engasjerte seg.

Foto: Aksello & Måløy Vekst

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet