Frukostsamling 7. september med ferjer, knivar og syklar!
Etter ei sommarpause ønsker vi velkommen til ny Frukostsamling i Aksello den 7. september. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30. Innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.
Program:
- Fjord1 – lokal aktør i ein global marknad v/adm. dir. Dagfinn Neteland
- Helle Knivfabrikker – Merkevarebygging og internasjonalisering v/Torodd Helle
- Sykkelbyen Florø v/Catherin Secher, Flora kommune
- Ordet fritt
Samlinga finn stad i Aksello i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).
Kom og høyr og diskuter; nytt høvet til å treffe gamle og nye kjende!
OBS! Loddtrekning! Det vert trekt ut ein vinnar blant dei som er påmelde (og til stades). Premien er ein flott kniv frå Helle Knivfabrikker!