Skip to content Skip to footer

Frukostsamling 1. februar

Aksello ynskjer velkommen til frukostsamling torsdag 1.februar. Frukost og kaffi vert servert som vanleg frå kl. 07.30; innlegg frå kl.08.00-09.00.

Vi startar vårt første frukostmøte i 2018 med eit spennande og innhaldsrikt program.

Høgskulen på Vestlandet kjem for å orientere om det nye studietilbodet, havteknologi og diskutere korleis dei skal rekruttere studentar. Roald Førde frå INC Invest skal snakke om det nye prosjektet Green Atlantic Salmon, og vi får besøk av den nye avdelingsleiaren, Kristine Kopperud Timberlid, i Innovasjon Norge Sogn og Fjordane. Ho skal fortelje om satsingsområde i 2018 og omorganisering i Innovasjon Norge.

Program:  

  • Aksello v/Lone Bareksten
  • Høgskulen på Vestlandet v/Øyvind Østrem
  • Green Atlantic Salmon v/Roald Førde INC Invest
  • Innovasjon Norge v/Kristine Kopperud Timberlid
  • Ordet fritt

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr, diskuter og utvid din horisont!

Innovasjon Norge v/Kristine Kopperud Timberlid er igjen i Florø etter frukostmøtet. Om nokon ynskjer separat møte med ho, så gje melding til trine@aksello.no.

[av_button label=’Meld deg på her’ link=’manually,https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSdy170HFXKvhqp7pOYD9Ux420cx-fiseARDHg-ERegfcQR6Iw/viewform’ link_target=’_blank’ size=’large’ position=’center’ icon_select=’yes’ icon=’ue80c’ font=’entypo-fontello’ color=’theme-color’ custom_bg=’#444444′ custom_font=’#ffffff’ admin_preview_bg=” av_uid=’av-25581a’]

 

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet