Frukostsamling Aksello

Næringslivet tek miljøansvar og ser moglegheiter. Saga Fjordbase, Karstensen Fiskeoppdrett, Bulandet Miljøfisk

Aksello inviterer til ny Frukostsamling torsdag den 7. november. Frukost blir servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00.

Denne gongen har vi ikkje ein raud tråd. Vi har ein grøn tråd!
Vi kan difor by på følgande program:

  • Saga Fjordbase tek miljøansvar og ser moglegheiter v/Ingvild Hovland
  • Korleis tek vi miljøansvar? Karstensen E. Fiskeoppdrett/Marø Havbruk v/Øyvind Mjønerud
  • Status og plan for byggefasen. Bulandet Miljøfisk v/ Hans Haddal
  • Nytt frå Aksello, inkl. status Havbruksprosjektet
  • Ordet Fritt
Innovasjon Norge v/ Jørgen Berg vil være til stades på Frukostsamlinga. Han vil også være tilgjengeleg for møter i
etterkant. Om du vil ha eit separat møte, så send ei melding til arne@aksello.no.Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).
VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!

Påmelding finn du her.