Frukostsamling Aksello

Frukostsamling torsdag 5. mars

Ny leiar i Steinvik Fiskefarm, status for
Newton-rommet og presentasjon av Florø sitt eige golftalent

Aksello inviterer til Frukostsamling torsdag den 5. mars. Frukost blir servert frå kl. 07.30, og presentasjonar blir frå kl. 08.00 til 09.00. Vi kan by på eit variert program:

  • Steinvik Fiskefarm med ny leiar v/dagleg leiar Erlend Vassbotten
  • Status for Newton-rommet v/Tone Aasrud
  • Min veg til golf-toppen v/Jakob Stavang Stubhaug
  • Nytt frå Aksello
  • Ordet Fritt

Rune Henjesand frå Innovasjon Norge vil være til stades på Frukostsamlinga. Han vil også være tilgjengeleg for møter i etterkant. Om du vil ha eit separat møte med han, så send ei melding til arne@aksello.no.

Frukostsamlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

VELKOMMEN TIL FRUKOSTSAMLING!