Aksello inviterer i samarbeid med FORREGION Vestland og Høgskulen på Vestlandet til FoU-møte om digitalisering, automatisering og robotisering i industrien.
Korleis kan ny teknologi løyse konkrete utfordringar?
Korleis kan digitalisering, automatisering og robotisering bidra til å løyse konkrete utfordringar for industri- og produksjonsverksemder i Sunnfjord?
FoU-møtet skal vere ein møteplass der næringsliv, forskings- og utdanningsmiljø og offentlege aktørar kan møtast for å utforske moglegheiter, dele erfaringar og leggje grunnlaget for framtidige FoU-prosjekt og samarbeid.
Gjennom dagen ønskjer vi å:
- utforske ny teknologi og digitalisering
- identifisere utfordringar og kunnskapshol
- dele erfaringar frå den digitale reisa
- knyte kontakt mellom industri og forsking
- leggje grunnlaget for nye FoU-prosjekt
- skape samarbeid og verdiskaping
Målgruppe
FoU-møtet er relevant for:
- industri og næringsliv
- forskings- og utdanningsmiljø
- offentlege aktørar
Agenda
09:00–09:15 – Oppmøte og mingling
09:15–09:30 – Velkomen og rammer for dagen
09:30–10:30 – Inspirasjon og erfaringsdeling del 1
- Innlegg frå forskings- og fagmiljø v/ Daniel Schäle (HVL)
- Erfaringar frå næringslivet v/ Westcon
10:30–10:45 – Kaffipause
10:45–12:00 – Inspirasjon og erfaringsdeling del 2
- Korleis industrien kan nytte verkemiddelapparatet
v/ Stig Frode Opsvik og Vidar Tufteland (Kompetansesenteret for Robotteknologi) - Case: Utvikling og implementering v/ Retrams
12:00–12:15 – Pause med matbit
12:15–12:40 – Sveiserobot og testfasilitetar v/ Stig Svendsen (Fagskulen Vestland)
12:40–13:10 – Idémyldring: Moglegheiter for vidare arbeid (workshop)
13:10–13:30 – Oppsummering og vegen vidare
Praktisk informasjon
Dato: Onsdag 19. august 2026
Tid: 09.00–13.30
Stad: Campus Verftet – Øyrane 12, 6800 Førde https://www.campusverftet.no/kontakt-oss

