Skip to content Skip to footer

Eit frukostmøte og eit arbeidsliv for alle

[vc_row][vc_column width=”1/2″][vc_column_text]Den første torsdagen i månaden vart som vanleg starta med ein god frukost etterfølgt av eit tettpakka program med fleire interessante foredragshaldarar hos Aksello.

Den første som fekk presentere seg var vår nye forretningsutviklar Frode Nybø som begynte hos oss 1. april. Frode vil vere ein viktig støttespelar for inkubatorbedriftene våre og skal hjelpe dei å lykkast med sine prosjekt. Han kjem frå ei stilling som prosjektleiar i Helse Vest IKT og har ein master i informasjonsteknologi frå Queensland University of Technology i Australia og ein master i prosjektleiing frå BI.

Bli betre kjend med Frode her

Frukostsamlinga vart sendt live, og du kan sjå streaminga her[/vc_column_text][/vc_column][vc_column width=”1/2″][vc_single_image image=”6795″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=”1/2″][vc_column_text]

Hjelpemiddelsentralen (NAV) lettar bedriftenes rekrutteringsutfordringar v/Heidi P. Sårheim

Heidi P. Sårheim frå Hjelpemiddelsentralen var på frukostmøte for å presentere Hjelpemiddelsentralen sitt arbeid for eit inkluderande arbeidsliv.

– Det vi ofte høyrer frå menneske med funksjonsnedsetting er at dei ynskjer å vere som alle andre. Dei ynskjer å delta i samfunns- og arbeidslivet og på skulen akkurat som alle andre…Så vi jobbar med tilrettelegging både for dei som allereie er i arbeid og for dei som står utanfor.

[/vc_column_text][/vc_column][vc_column width=”1/2″][vc_single_image image=”6796″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]Heidi påpeika at Hjelpemiddelsentralen er så mykje meir enn eit lager av kvite stokkar, rullestolar og talande ur. Dei er eit ressurs- og kompetansesenter, som i tillegg til rådgjeving og tilrettelegging i skule og arbeidslivet, tilbyr ulike tenester som tolk og mentorordning. Sentralen har også spisskompetanse på syn og høyrsel.  

Til slutt kom ho med eit spørsmål til arbeidsgjevarar og næringslivet om dei vil vere med å spele ball med Hjelpemiddelsentralen i inkluderingsdugnaden.[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_single_image image=”6798″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

Ungdomsbedrifta Afrinvest førebur seg til NM v/Julian Udberg-Helle og Elias Myklebust Vaardal

Julian Udberg-Helle og Elias Myklebust Vaardal frå ungdomsbedrifta Afrinvest fortalde om korleis dei gir små mikrolån til bedrifter i oppstartsfasen i Uganda og Malawi.

Bedrifta har 12 tilsette og er ein del av blokkfaget i entreprenørskap ved Flora Vidaregåande skule. Skulen har over lang tid jobba med prosjekt Malawi, og det var gjennom dette arbeidet studentane vart gjort merksam på utfordringane med å ta opp lån. Mange har ikkje bankkonto eller ID-papir, og dei låna som vert tilbydd har høge renter og krav om oppstartskapital. I motsetning tilbyr Afrinvest mikrolån, utan oppstartskapital med lav rente, til berekraftige og framtidsretta prosjekt.

Julian og Elias trakk fram fleire eksempel på entreprenørar og bønder i Malawi og Uganda som med støtte frå Afrinvest har auka lokal matproduksjon, samt skapt ein arbeidsplass både for seg sjølv og fleire andre i lokalsamfunnet. Sidan desember i fjor har Afrinvest bidratt til at 20 personar har komme seg ut i arbeid, og ungdomsbedrifta skal delta i NM for Ungdomsbedrifter 2019 25. april.

Slik engasjement frå ungdommen vår lovar godt for framtida, og vi ynskjer dei lykke til under NM!  [/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=”1/2″][vc_single_image image=”6799″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][vc_column width=”1/2″][vc_column_text]

Teknoløftet v/Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforskning

Øyvind Heimset Larsen frå Vestlandsforskning introduserte TEKNOLØFT-prosjektet som skal utvikle og styrke næringsretta forskingsmiljøa ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking for å auka kapasitet og kompetanse innan digitalisering, automatisering og big data. Gjennom dette prosjektet ynskjer dei å gjere FoU-miljø meir relevante for næringslivet i Sogn og Fjordane.

Jøril Hovland frå Kunnskapsparken er med på prosjektet for å sikre at tema og problemstillingar som det vert forska på er relevante og nyttige for næringslivet.  [/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

– Har de ei problemstilling som de trur Øyvind og co. kan løyse, det kan vere big data, robotikk osv., så ta kontakt, oppfordra ho.

[/vc_column_text][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column width=”1/2″][vc_column_text]

Inkubatorbedrifta Norwegian Seaweed Production mot gjennombrudd v/Svein Vindenes

Til slutt var det inkubatorbedrifta Norwegian Seaweed Production (NSP) og Svein Vindenes sin tur til å ta oss med til havrommet for å fortelje om korleis dei arbeider for ein meir bærekraftig hausting av tare. Taren er eit viktig råstoff for utvinning av alginat i medisinindustrien, og Norwegian Seaweed Production har fått tilgang til 30 000 tonn som dei skal hente ut råstoff frå. Dette vil dei gjere på den naturlege måten, utan kjemikaliar, og i motsetning til det industrien gjer i dag, så vil dei bruke heile planten. 

– Vi har komme ganske langt på veg. Vi har fått god hjelp av Aksello og hadde nok ikkje vore så langt komne om vi ikkje hadde hatt dei medhjelparane undervegs, understreka Svein.

Vi er utruleg glade for å ha NSP i vår inkubator og ser fram til å følgje dei vidare.[/vc_column_text][/vc_column][vc_column width=”1/2″][vc_single_image image=”6800″ img_size=”large” add_caption=”yes”][/vc_column][/vc_row][vc_row][vc_column][vc_column_text]

Ordet Fritt

Under Maritime Forening Sogn og Fjordane si nettverkssamlinga vart det offentleggjort at dei i desse tider med samanslåingar skiftar namn og Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello, inviterte Maria Brandsøy og Kristin Svardal til å gi ein kort presentasjon av nye Hub for Ocean.

Under Ordet Fritt vart det også minna om kor viktig det er med rekruttering til fylket. Høgskulen på Vestlandet har søknadsfrist 15. april, og Øyvind Østrem frå HVL kom med ein førespurnad til bedrifter om å dele bodskapet gjennom sine kanalar.

Linda Hovland frå Framtidsfylket snakka kort om korleis dei arbeider for å rekruttere folk til fylket gjennom å vise fram næringslivet og fortelje dei gode historiene. Ho minna om kor viktig det er med tilbod om sommarjobb for å knytte til seg studentar i eit meir langsiktig rekrutteringsperspektiv, og så langt i år har dei lyst ut 460 stillingar gjennom sin portal. Sjekk ut Framtidsfylket her.

Ingvar Torsvik Myrvollen, assisterande fylkessekretær for Vestland Høgre, informerte om at Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen kjem til fylket på Næringsdagane 2019. I samband med dette vil han også besøke Florø der han planlegg eit SMB-kontaktmøte. Meir info kjem.

Neste frukostsamling er torsdag 2. mai, og det vil som alltid vere gratis og opent for alle som ynskjer å delta.

Meld deg på nyheitsbrevet vårt her, og få invitasjon direkte i din innboks![/vc_column_text][/vc_column][/vc_row]

Go to Top

Få siste nytt frå Aksello og det regionale næringslivet