Frukostsamling Aksello

Koronasituasjonen pressar fram uvante løysingar for vante arrangement. I staden for frukostmøte torsdag 7. mai, vil Aksello lage eit streaming-arrangement fredag 15. mai kl. 08:30.

Det vil bli ein todelt sekvens. Vi startar med ein samtale der mellom anna Flora Industri- og næringsforening vil presentere resultata frå deira medlemsundersøking om kva bedriftene er opptekne av nett no. Ein representant frå kommuneleiinga vil informere om situasjonen som koronaviruset har satt Kinn kommune i, samt kva dei planlegg framover av tiltak og investeringar, naturlegvis med fokus på moglegheiter for lokale leverandørar.

Deretter blir det eit intervjuforum der  kommunen synleggjer og avklarar korleis næringsutviklingsarbeidet er tenkt framover, herunder rolledelinga mellom Måløy Vekst og Aksello og rolla til kommunalsjefen for næringsutvikling og innovasjon. Næringslivsrepresentantar frå både Måløy og Florø vil utfordre kommunen på kva retning dei ønskjer når det kjem til mellom anna arealplan, digitalisering og reiselivssatsing.

Link til arrangementet blir publisert på Aksello si nettside ein time før. Vi satsar på moglegheiter for å sende inn spørsmål undervegs.

Diverre ingen smørbrød denne gong, kun digital kaffe

Velkommen!