Det første møtet

Frukostsamling | Aksello

–  For kvar einaste gode idé og prosjekt er det ein ting som er essensielt, og det er det første møtet: møtet mellom enkeltindivid. Det er mykje fantastisk som kan skje etter det.

Dette sitatet frå direktør Jan Olav Baarøy frå Fredskorpset runda torsdagens første møte, den månadlege samlinga hos Aksello, der dei frammøtte fekk bli betre kjend med Fredskorpset, Ungdomsbedrifta Green Plastic UB, den lokale og globale aktøren Norwell og inkubatorbedrifta Nekst.

Frukostsamling | Aksello
Elevane frå Green Plastic UB.

Green Plastic UB – status og vegen vidare

Ungdomsbedrifta Green Plastic UB, som nyleg deltok på NM for Ungdomsbedrifter nominert i kategorien sosialt entreprenørskap, heldt det første innlegget. Tre elevar frå Florø Vidaregåande skule, Njål Eliassen, Martin Ulsten og Viljar Ødelien, starta med å fortelje kva som inspirerte dei til å ta fatt på det enorme miljøproblemet med plast. Inspirasjonskjelda var prosjektet Precious Plastic, starta av nederlendaren Dave Hakkens, som fritt deler kunnskap og verktøy på nett som skal setje ein stopper for plastforureining. Der fann elevane mellom anna teikningar på to maskiner som dei har fått konstruert for å gjenvinne plast til ulike produkt, til dømes mobildeksel. Gode prosjekt kan, slik dei demonstrerer, også oppstå i møte med andre idéar og føre til positive ringverknader og arbeidsplassar andre stader, i India og Nkhotakhota i Malawi, der dei er involvert i samarbeidsprosjektet Green Plastic Nkotakhota.

Frukostsamling | Aksello
Ingrid Kassen, Norwell.

Norwell AS – lokal aktør i ei global verd

Administrerande direktør Ingrid Kassen frå eksportselskapet Norwell snakka om deira tette samarbeid med lokale oppdretterar og slakteri/pakkestasjonar for å møte krava til den internasjonale marknaden. Selskapet omset årleg ca. 25 000 tonn laks til ein verdi på ca. 1,2 milliardar kroner. I presentasjonen av bedrifta, kunne ho også avsløre at dei jobbar med spennande utviklingsprosjekt i kjølvatnet av marknadsendringar og nye, meir effektive maskiner for foredling av laks.

Frukostsamling | Aksello
Martin Ramsdal, Nekst.

Nekst AS – milepæl nådd og vegen vidare

 

Dette er på ingen måte ei månelanding, men det vi gjer er å ta i bruk teknologi på nye måtar.

– Martin Ramsdal

Det er gjerne ikkje ei månelanding for Nekst, men likevel eit stort steg for inkubatorbedrifta då dei endeleg fekk svar frå Fiskeridirektoratet om at søknaden deira for sjømerdar i Solund Kommune har komme gjennom nålauge. Partnar Martin Ramsdal hadde gleda av å fortelje meir om den gode nyheita på Frukostsamlinga i dag og gjekk nærmare innpå korleis sjømerdane skal fungere i praksis og saman med landanlegget planlagt på Botnastranda i Florø. Om prosjektet vert realisert slik dei planlegg med 16 konsesjonar, vil det bidra til 100 nye arbeidsplassar i fylket.

Frukostsamling | Aksello
Jan Olav Baarøy, Fredskorpset.

Fredskorpset – på lag med næringslivet

Ny direktør i Fredskorpset, Jan Olav Baarøy, tok turen frå Førde for å presentere «vår nye nabo» og korleis dei ynskjer å spele på lag med næringslivet. Dette gjer dei mellom anna gjennom å gi økonomisk støtte til utveksling mellom bedrifter i Norge og andre land i Asia, Afrika og Latin-Amerika. Fredskorpset ser at denne forma for kompetansedeling er veldig nyttig og lærerik for bedriftene, og oppfordra om å ta kontakt med dei om ein ynskjer å søkje om tilskot. Meir info om støtte til utveksling her.

Frukostsamling | Aksello
Jørgen Berg, Innovasjon Norge.

Ordet Fritt

Jørgen Berg frå Innovasjon Norge informerte om at Innovasjon Norge no gir tilskot til pilot og demonstrasjon for framtida sine havbaserte løysingar. Meir info om tilskotet og søknadsprosessen her. 

Neste Frukostmøte

Neste Frukostmøte vert torsdag 7. juni. Om du har forslag til tema og foredragshaldarar, så høyrer vi gjerne frå deg. Kontakt arne@aksello.no.

 

Ynskjer du invitasjon til vår neste Frukostsamling?

Meld deg på nyhendebrevet til Aksello her.