Det var fullt hus hos Aksello 4. oktober, då det månadlege frukostmøtet tok til kl 08:00. Det lokale næringslivet var som vanleg godt representert, og saman med både tilreisande og lokale interesserte vart det eit stort publikum for innleggshaldarane.

Svein Bjørkedal, INC-Gruppen
Svein Bjørkedal, INC-Gruppen

Lone Bareksten, dagleg leiar i Aksello, ynskja velkomen til forsamlinga, og ga ordet vidare til fyrste innleggshaldar; Svein Bjørkedal frå Fjord Base, INC-gruppen. Bjørkedal presenterte INC-gruppen og kunne fortelle mykje om deira miljøfokus, og konkrete tiltak som landstraum, innkjøp av kran med elektrisk drift, og ikkje minst miljøsamarbeidet på basen, Lean and green.

Vidare kunne Bjørkedal dele tankar om hydrogenproduksjon, og landbaserte produksjonsanlegg for akvakultur ved Fjord Base.

Trond-Atle Asphjell, Niprox
Trond-Atle Asphjell, Niprox

Trond-Atle Asphjell frå Niprox/Enerin var neste ut, med tema Knoppskyting innan energieffektivisering. Han kunne fortelle om Enerin AS, ei ny verksemd med fokus på energieffektivisering. Asphjell presenterte Thermonitor, som er eit system som målar energi i vannbårne- og dampenergisystemer. Thermonitor kan nyttast til blant anna å optimalisere styring i energisentralar, måle effekt, og utnytte kapasiteten betre i varme- og kjølesystem. Enerin har fått støtte frå både PetroFlora og det kommunale næringsfondet i Flora kommune.

Sten Ingve Hellevang, Senseye
Sten Ingve Hellevang, Senseye

Senseye AS er den nyaste inkubatorverksemda hos Aksello, og vart presentert av co-founder og styremedlem Sten Ingve Hellevang.

Les meir om Senseye i denne artikkelen.

Mot slutten i det tettpakka programmet denne torsdagen kunne Enivest v/ Christiane Ulriksen fortelle om TelecomWorld 2018, som avholdast i Førde 17.-18. oktober, og la til at Enivest sponsar rabatterte billettar til eit visst tal deltakarar – fyrst til mølla. Meir info på telecomworld.no/forde18.

Til slutt fekk forsamlinga sjå spennande bileter og planar for nye Comfort Hotel Florø, som vart presentert av Agnes Berntsen, administrerande styreleiar i driftsselskapet bak hotellet.

Foto: F.v. Marita Solheim (Fjordkysten), Arne Olsen (Aksello), Linda M. Midtbø (Flora Hamn) og Leif Stavøstrand (Evoy).

Hausten si første frukostsamling starta med fullt hus og eit interessant program der kysten var i sentrum med presentasjonar frå Fjordkysten, Flora Hamn og vår nye inkubatorbedrift Evoy som hadde verdspremiere!  

Fjordkysten – Kva skjer? v/ dagleg leiar Marita Solheim

Etter eit år med eit røft økonomisk farvatn kunne dagleg leiar Marita Solheim for Fjordkysten fortelje at framtida ser lysare ut for reiselivsselskapet som har hatt ein veldig god sommarsesong med mange besøkande.

Selskapet har som mål å skape reiselyst i kommunane Bremanger, Flora, Askvoll, Hyllestad, Solund og Gulen, og reiselivsnæringa er med på å generere store ringverknader når det kjem til arbeidsplassar og bulyst.

Reiseliv er ei kompleks næring med overgang til mange andre næringar, og det er nettopp dette som gjer det så spennande å jobbe med, fortel Solheim og forklarar korleis dei jobbar tett saman med Fjord Norge og Visit Norway for å synleggjere mange av dei flotte perlene og opplevingane som vi har langs kysten.  

At vi er lokalisert utanom allfarveg, eller “off the beaten track” som Solheim seier på engelsk, er faktisk ein av fordelane vi har når det kjem til å tiltrekkje oss turistar som vil oppleve noko ekte utan dei store folkestraumane. Vandring og øyhopping er svært populært, og eit friskt konsept som dei også jobbar med er “storm watching” i lavsesong.

Sjå videoen til Fjordkysten her:

 

Flora Hamn – Framtidas hamn – viktige grep v/ hamnesjef Linda M. Midtbø

Flora Hamn er i gang med å lage ein ny hamneplan og korleis hamna skal vere i framtida var eit av mange spørsmål hamnesjef Linda M. Midtbø tok for seg under sitt innlegg. 

Vi må tenkje langt fram i tid, gjerne 15-20 år for å lage ein langsiktig plan, understreka ho.

Flora Hamn ser mellom anna for seg ei hamn som har meir fokus på miljø, men korleis skal den framtida sjå ut og kva skal båtane gå på? spør Midtbø og svarar:

–   Her er hydrogen eit av alternativa og vi har god kompetanse på det lokalt hos Maritim Forening.

Eit anna punkt som vart diskutert var også kommersialisering av kystruten der Hurtigruten sine største skip skal seile reine kommersielle ruter mellom Bergen og Kirkenes.

– Vil vi at Florø skal vere ein stoppestad på denne ruten? Om det er noko vi ynskjer må vi vere aktive og vise kva vi har å tilby til dei som besøker oss, poengterte ho.

Her kom det også innspel frå salen om at dette opnar for samarbeid mellom ulike næringar i Florø, og spesielt reiselivsnæringa.  

I framtidsplanane til hamna ligg det også ein ny kollektivterminal i korta. Midtbø presenterte den i korte trekk og det vert spennande å følgje med på utviklinga av både kollektivterminalen og ny hamneplan.

 

Inkubatorbedrifta Evoy – Verdspremiere v/ gründer Leif Stavøstrand

Kva båtane skal gå på i framtida var også tema då gründer Leif Stavøstrand presenterte sin draumebåt: ein stillegåande og miljøvennleg båt som går på elektrisitet. Saman med far Gunnar Stavøstrand har han starte bedrifta Evoy som skal gjere denne draumen verkeleg.

Det som folk vektlegg som viktig med båtopplevinga er naturopplevinga, frihetsfølelse, fred og ro, og sosialt samvær, og eg kan ikkje førestille meg noko anna enn at alt dette vert enno betre med elektrisk drift, påpeiker han.

Marknaden dei sikter seg inn mot er yrkesbåtar og fritidsbåtar, og Evoy sin standardpakke gir båtane ei rekkevidde på 30 nautiske mil i marsjfart. Dette dekkjer behovet til brukarane ut i frå båtlivundersøkinga, poengterer Stavøstrand, så her er ingen grunn til å få rekkeviddeangst.  

Dette er eit prosjekt med stort potensiale og det nye selskapet er spent på å sjå korleis salet vil gå når dei opnar for førehandsbestilling. Evoy vart nyleg tatt opp i Aksello sin inkubator og vi gler oss til å følgje seilasen deira vidare!

Under dagens samling hadde Evoy verdspremiere på denne videosnutten:

 

Ordet fritt

Under «Ordet Fritt» informerte dagleg leiar Lone Bareksten om at det ved generalforsamling er gjort endringar i Aksello sitt styre. Arne Birkeland går ut som styreleiar, og ny styreleiar er Bjørn Hollevik. Nytt styremedlem og nestleiar er Mikael Johansen frå Westcon Group. Vi har også fått to nye damer inn i styret. Solveig Willis frå Pixelwerk og Hilde Indresøvde frå Nyskapinsparken i Bergen. Oddvar Aarberg frå Neptune Energy går ut av styret, medan Ragnar Waalen frå Siva, Jim Haugland frå Fjordbase og Ola Teigen frå Flora Kommune vert sittande i neste periode.

Rågjevar Heidi Felle tok ordet for å fortelje om Etablerarkurset for innvandrarar som vi startar opp igjen med i haust i samarbeid med Innvandrarsenteret og støtte frå IMDI. Vi har så langt 17 påmelde og om du kjenner potensielle deltakarar til kurset, tips dei gjerne om å ta kontakt med Heidi heidi@aksello.no /48 22 27 91. Kurset er opent for alle med innvandrarbakgrunn som er interessert i å starte si eiga bedrift.  

Det vart også minna om Conference: Maritime Hydrogen & Marine Renewable Energy i regi av Maritim Forening Sogn og Fjordane 3-4. oktober.

Neste Frukostsamling er torsdag 4. oktober. Vel møtt!