Offentlege myndigheiter ønskjer å nytta Covid19-situasjonen til stimulere private selskap til eit kompetanseløft. Eit viktig akutt nasjonalt tiltak er dei såkalla BIO-midlane. BIO står for bedriftsintern opplæring, og Vestland fylkeskommune har ansvaret for å lyse, ut, handsame søknader og forvalte 11,4 millionar BIO-midlar i vårt område.

Midlane kan ikkje nyttast til ordinær opplæring av dei tilsette, men skal nyttast til opplæringstiltak i samband med planar for framtidig vekst eller tilpassing til nye marknadssituasjonar. Her kan det vere mykje å hente for private bedrifter!

Viktigaste kriterier er at:

  • Opplæringstiltaka skal vera knytt til planar for framtidig vekst eller tilpassing til nye marknadssituasjonar som følgje av Covid19 eller oljeprisfallet.
  • Mange tilsette tek del i opplæringa, målt mot kostnader og kvalitet.
  • Grunngjeving for behovet for kompetanseheving i bedrifta er godt formulert.
  • Gjennomføring av opplæringstiltaket har ein tidsplan på under 26 veker.

Har din bedrift no sett nye kunnskapsbehov som følgje av Covid19, er dette eit økonomisk bra tiltak for den som sett seg ned og skriv ein skikkeleg god søknad. Det er ikkje vanskeleg, det er berre å sette av tid til å tenkje gjennom kva nye behov som ein ønskjer å få dekt gjennom meir kompetanse samt å sette av nokre timar til å skrive søknaden.

Informasjon om BIO-midlane samt søknadsskjema finn du her

Ta gjerne kontakt med Aksello for bistand – seniorrådgjevar Kari Brun Ågotnes (mob: 982 36999)